Hopp til hovedinnhold

Tilrettelegging

Som student kan du søke om individuell tilrettelegging dersom du har ei funksjonsnedsetting, eller andre særskilte behov.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med sosialpedagogisk rådgjevar Mirjam Lundhaug.

Send epost

 

Du har rett til å søke om tilrettelegging av undervisning og vurdering.

Tilrettelegginga skal ikkje føre til reduksjon av dei faglege krava, men skal hjelpe deg til å gjennomføre dersom du har funksjonsnedsetting eller særskilde behov. 

Eksempel på tilrettelegging er: 

  • tilrettelagde prøver og eksamenar
  • tilrettelagd undervisning
  • utsetting av oppgåvefristar
  • oppfølgingssamtalar
  • individuell tilrettelegging av/på studiestad

Fristar: Søknad om tilrettelagt undervisning og vurdering sendast så snart som mogleg, men seinast innan 1. oktober for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Du kan sende inn søknad om du seinare får eit behov for tilrettelegging, men vi kan ikkje garantere at søknader som kjem inn etter fristen blir innvilga. 

Behovet for tilrettelegging skal dokumenterast på nytt kvart semester. Dersom grunnlaget for tilrettelegginga er av permanent karakter, er dette ikkje naudsynd. Du får beskjed om dette. 

Det finst også fleire offentlege tilbod som kan bidra til å gjere kvardagen din enklare:

 

  • Studentsamskipnaden Saman tilbyr blant anna studentrådgjeving, studentbustader, helsetenester og aktuelle kurs.
  • Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur produserer litteratur i alternativt format for blinde og synshemma studentar. 
  • NAV har fleire aktuelle tenester som for eksempel hjelpemiddelsentral, lese- og skriveverktøy. Dei tilbyr også mentorordning for studentar som har behov for ekstra oppfølging.