Hopp til hovedinnhold

Studentrådet ved Fagskulen Vestland

Vi er talerøyret til studentane inn mot leiinga i fagskulen og andre samarbeidspartnarar og vi arbeider for å sikre at studentane sine meiningar, behov og interesser blir varetatte. Studentrådet ved Fagskulen Vestland handlar om meir enn møte og vedtak – det handlar om å skape ein levande studentfellesskap, styrke studiekvardagen og gi alle eit høve til å påverke.

 

 

Kven er studentrådet ved Fagskulen Vestland?

Studentrådet er det øvste studentorganet ved Fagskulen Vestland.

Vi representerer alle studentar og jobbar for at stemma til studentane skal bli høyrd – både internt på fagskulen og  i samfunnet.

Eit sterkt studentråd gir alle studentar ei stemme og høve til å påverke studiekvardagen. Vi sørger for at saker som læringsmiljø, trivsel, ressursar og velferd blir løfta og følgt opp.

Vår rolle

Vi er talerøyret til studentane og har som hovudoppgåver å:

  • Representere studentane overfor leiing, undervisarar og administrasjon.
  • Fremja interessene til studentane overfor samskipnaden, fylkeskommune, kommune, staten og andre aktørar.
  • Sikre god informasjon og dialog mellom studentar og fagskule.
  • Vere ein aktiv høyringsinstans i saker som gjeld utdanninga og kvardagen til studentane.

 

Kva jobbar vi med?

Vi styrker studentane sine:

  • Faglege interesser – kvalitet i undervisning og utdanning.
  • Demokratiske rettar – innverknad i viktige avgjerder.
  • Politiske interesser – at studentane blir høyrde i politiske prosessar.
  • Velferd og trivsel – bidra til eit inkluderande studiemiljø.

Studentstyret

Studentstyret er valt av og for studentane ved Fagskulen Vestland. Vi representerer deg i viktige saker, sørger for at stemma til studentane blir høyrd og jobbar for å styrke både studiekvardagen og studentdemokratiet.

Styret består av åtte medlemmer: seks forumleiarar frå dei ulike fagområda, og ein leiar og nestleiar vald av studentane på Allmøtet. Denne samansetninga sikrar at alle studentar har ei tydeleg stemme og innverknad i saker som gjeld dei.

Studentforuma i SFV

Som student ved Fagskulen Vestland blir du automatisk ein del av eit studentforum innan ditt fagområde. Forumet er arenaen din for å påverke, komme med innspel og bidra til å utvikle både utdanninga og studiemiljøet.

Her kan du ta opp saker som betyr noko for deg – anten det handlar om fag, trivsel eller læringsmiljø. Kvart forum vel ein forumleiar som tek stemma frå ditt fagområde vidare til Studentstyret. På den måten sikrar foruma at alle studentar blir høyrde, og at ulike behov og synspunkt får plass i studentdemokratiet.  

Studentrådet sitt allmøte

Allmøtet er Studentrådet sitt øvste avgjerdsorgan ved Fagskulen Vestland. Alle studentar kan delta, fremme forslag og stemme over saker som val av leiarverv, styringsdokument og andre saker som påverkar deira studiekvardagen.

Det blir minst arrangert tre allmøte i løpet av skuleåret:

  • Oppstartsmøte: Tidleg i 1. semester – introduksjon til Studentrådet sitt arbeid.
  • Midtårsmøte: Tidleg i 2. semester – oppfølging av igangverande saker.
  • Avslutningsmøte: Mot slutten av skuleåret – årsmelding og val av leiarverv.  

Allmøtet sikrar at stemmene til studentane blir høyrde og gir reell innverknad på viktige avgjerder.

Klasserepresentantar ved Fagskulen Vestland

Frå 2025 får Studentrådet ved Fagskulen Vestland ei ny organisering der klassetillitsvalde ikkje lenger inngår formelt i studentorganet.

Studentrådet tilrår framleis at klassane vel klasserepresentantar, då dei er viktige talspersonar i studiekvardagen og gir innspel til undervisarar. Dei speler dermed framleis ei rolle i studentmedverknaden – sjølv utan formell plass i Studentrådet.

Studentrådets representasjon og engasjement

Representasjon er ein viktig del av Studentrådet sitt arbeid. Å vere godt representert internt og eksternt er med på å fremje interessa til studentane og styrke studentmedverknaden. Her kan du som student engasjere deg. Dersom du ønskjer å engasjera deg så stiller studentrådet med studentrepresentantar til desse gruppene:

  • Fagskulestyret til Fagskulen Vestland
  • Fylket
  • Lokal Klagenemd
  • Skikkethetsnemnda
  • Velferdstinget Vest
  • Læringsmiljøutvalget
  • Organisasjon for Norske Fagskolestudenter (ONF)

Det er fleire aktørar som studentrådet engasjerer igjennom skuleåret, og vi søker alltid engasjerte studentar som ønsker å bidra. Har du lyst å engasjere deg eller har ei kampsak så berre kontakt studentrådet.  

Gode ressursar for studentane