Hopp til hovedinnhold

Studentorganisasjonar

ONF

ONF - Organisasjon for Norske Fagskolestudenter er ein organisasjon for alle fagskulestudentane i Noreg. Organisasjonen vart stifta i 2012, og har sidan då arbeidd for å fremme fagskulestudentane sine interesser, rettigheiter og vilkår. ONF er partipolitisk uavhengig, og nyttar seg av generell politisk påverknad og informasjonsarbeid. Les meir om organisasjonen her

Velferdstinget Vest

Velferdstinget Vest er ei samansetting av studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som er knytt til Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Dei jobbar med all studentpolitikk som ikkje er institusjonsspesifikk, som studentboligar, psykisk helsetilbod, helsestasjon, studentidrett og studentkultur. Velferdstinget Vest har møte ca ein gong i månaden, og møta deira er opne for alle som har betalt semesteravgift til Sammen. Les meir om Velferdstinget Vest her.