Hopp til hovedinnhold

Studentsamskipnaden - Saman

Saman illustrasjonsfoto.PNG

Saman er ein samskipnad som arbeider for at studentane på Vestlandet skal få ei trivelig studietid. Som student ved Fagskulen Vestland betaler du ei semesteravgift til Saman som gjev deg tilgang til alle tilboda deira. Tilbod ein kan nytte godt av via Saman er mellom anna treningssenter, barnehageplass, helsetenester, studentboliger, og kafe/kantine.

For studentane

Nokre av tilboda ein får via Saman er gratis, medan andre betaler ein for, men målet er at prisane skal vere rimelige og konkurransedyktige. Overskotet kjem studentane til gode. Via samarbeid med dei ulike utdanningsinstutisjonane i fylket er målet å arbeide kontinuerlig for å utvikle læringsmiljøet for studentane på Vestlandet ved å kunne tilby båe gode velferdsordningar og eit fagmiljø med høg kvalitet. 

Ulike studiestadar

Studentsamskipnaden er aktivt tilstades i Bergen under namnet Sammen. Elles finn du Saman i Haugesund, på Stord, i Sogndal og i Førde. 

Sjølv om ein ikkje høyrer inn under ein av studiestadane nemnt over, har ein allikevel tilgang på fleire tilbod som til dømes Saman Helsefond, karriereveiledning og  psykisk helsehjelp. Du kan lese meir om dette her.