Ledige studieplassar 2026
Rakk ikkje du søknadsfristen 15. april? Det er framleis ikkje for seint å bli fagskulestudent til hausten. Vi har fleire ledige studieplassar og vi har løpande opptak heilt fram til studiestart.
Vi har ledige studieplassar innan fleire ulike fagområde. Frå 29. mai blir ledige studieplassar publiserte på Samordna opptak, og frå 1. juni kan du søke på desse.
Søknadar blir behandla fortløpande. Dei fleste får svar på søknaden sin i løpet av 2–3 veker. Merk at når du får tilbod om studieplass, har du berre nokre få dagar til å takke ja før plassen blir gjort tilgjengeleg att for andre søkarar.
Vi har ledige studieplassar innan:
- Bygg og anlegg
- Elkraft og automatisering
- Grønt og gastronomisk
- Helse og oppvekst
- Marin og maritim
- Maskin og prosess
- Robotteknologi
Sjå og søk på dei ledige studieplassane her!
Viktig informasjon
Merk at søknadsportalen til Samordna opptak er stengd i veke 29 og 30. I desse vekene er det ikkje mogleg å sende inn søknadar.
Når får eg svar på søknaden?
Vi behandlar søknadar fortløpande, og dei fleste får svar i løpet av 2–3 veker.
Kva skjer om eg får plass?
Om du får tilbod om studieplass får du beskjed via e-post. Alle tilbod om studieplassar blir sendt ut på onsdagar og du må takke ja til plassen innan påfølgande søndag.
Kor lenge kan eg søke på ledige studieplassar?
Det er mogleg å søke på ledige studieplassar fram til studiestart i månadsskiftet august/september, så lenge det framleis er ledige plassar.
Korleis søker eg?
Du søker via Samordna opptak.
Kan det kome fleire ledige plassar undervegs?
Ja. Det kan vere lurt å sjekke oversikta jamleg, då nye ledige studieplassar kan kome til heilt fram til studiestart.
Sjå heile utdanningstilbodet vårt her!
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no