Bygg vidare med fleksible og næringslivsretta studium
I heile Vestland finn du folk som vil vidare. Nokon vil opp i styrehuset. Andre vil bli tryggare i faget sitt, lære meir og få meir ansvar. Felles for mange av dei er at dei har valt den same vegen: Fagskulen Vestland. Med åtte studiestader i heile Vestland fylke, og eit breitt tilbod av både heil- og deltidsutdanningar, har Fagskulen Vestland blitt eit naturleg val for dei som har fagbrev eller tilsvarande realkompetanse. Her kan du utvikle deg utan å måtte snu opp ned på livet for å få det til.

I heile Vestland finn du folk som vil vidare. Nokon vil opp i styrehuset. Andre vil bli tryggare i faget sitt, lære meir og få meir ansvar. Felles for mange av dei er at dei har valt den same vegen: Fagskulen Vestland.
Med åtte studiestader i heile Vestland fylke, og eit breitt tilbod av både heil- og deltidsutdanningar, har Fagskulen Vestland blitt eit naturleg val for dei som har fagbrev eller tilsvarande realkompetanse. Her kan du utvikle deg utan å måtte snu opp ned på livet for å få det til.
Nært der du bur, og tett på arbeidslivet
Ein av dei største fordelane med Fagskulen Vestland er at utdanningane ligg nært arbeidslivet dei er retta mot. Mange av studentane tek utdanning i same region som dei jobbar, bur og har familieliv i.

– Det var heilt avgjerande for meg at eg kunne ta utdanninga utan å måtte flytte. Fagskulen Vestland hadde eit strukturert opplegg, tett på næringa, og ville at vi skulle ut i jobb, seier Simon Aakre Pettersen, tidlegare dekksoffiserstudent.
Fagskulen samarbeider tett med arbeidslivet i regionen innan desse fagområda:
- Bygg og anlegg
- Elkraft og automatisering
- Grønt og gastronomisk
- Helse og oppvekst
- Marin og martim
- Maskin og prosess
- Robotteknologi
- Petroleumsteknologi
Det betyr at undervisninga er direkte knytt til dei faktiske behova ute i bedriftene.
– Vasskjemi, fiskehelse, mikrobiologi. Alt eg lærte på Fagskulen Vestland brukar eg kvar einaste dag på jobb, seier Vegard Søhoel, tidlegare student i Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur.
Fleksible studieløp og lav studieavgift
Mange av utdanningane på Fagskulen Vestland kan takast på deltid, med nettundervisning og samlingsbaserte løp. Det gjer det mogleg å kombinere studiet med full jobb og familieliv.
– Eg tok studiet nettbasert på kveldstid, med samlingar innimellom. Det var lett å kombinere med full jobb, seier Vegard.
Solid kompetanse til lav studiekostnad er også ein viktig faktor for mange som vel Fagskulen Vestland.
– Dei fleste studia innan akvakultur kostar mellom 15 000 og 45 000 kroner. På Fagskulen Vestland er studieavgifta 3000 kr, seier Vegard.
Praktisk undervisning
Fagskulen er kjend for si praktiske og yrkesnære tilnærming. Det betyr at du lærer ting som du faktisk får bruk for med ein gong.
I maritime fag betyr det realistiske simulatorar, navigasjonstrening og situasjonsøvingar. I akvakultur og biologifag betyr det laboratoriearbeid, vasskjemi-analysar, bakteriedyrking og gjennomgang av driftsprosessar. I helsefag betyr det blant anna praksisnært arbeid og innsikt i prosessar som sikrar pasientsikkerheit. Det har gitt stor verdi for Monica Lopez Parreiras, som studerte Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta:
– På Fagskulen fekk eg svaret på kvifor vi gjer ting på ein bestemt måte. Eg blei tryggare og bruker kunnskapen kvar dag.
Ny kompetanse opner dører
Arbeidslivet i fylket vårt treng folk med praktisk innsikt og oppdatert kompetanse. Fagskulen Vestland er utvikla i tett samarbeid med næringslivet, nettopp for å sikre dette. Det er difor utdanningane er så etterspurde, og difor arbeidsgivarar løftar fram fagskulekandidatar som viktige i rekrutteringa framover. For mange opnar fagskulekompetanse nye dører i karrieren; til meir ansvar, nye roller og sjansen til å ta større steg vidare.
– Eg fekk sjansen til å steppe inn som leiar. Folk stolte på meg, både som person og fagarbeidar, seier Monica.
Vegard, som jobbar som driftsoperatør biologi ved Hyen Fisk, er no stadfortredar for dagleg leiar og den som lærer opp nye tilsette.
– Etter fagskulen blei eg tryggare i vurderingane mine og kjem raskare fram til løysingar, seier han.
Er det din tur no?
Om du vurderer å ta eit steg vidare, anten for å utvikle deg i jobben du har, eller for å opne nye dører er Fagskulen Vestland ein trygg og fleksibel veg til ny kompetanse.
Som Vegard seier det:
– Søk om du vil ha meir utdanning, fagleg påfyll og bli tryggare på deg sjølv.

Prøv utdanningsveljaren
Her finn du oversikt over alle utdanningane våre, frå korte kurs og bransjemodular til 2-årige utdanningar som gir høgare fagskulegrad.
Les også: