Digitalt opplæringstilbod for sjukmelde

Industriarbeidere

Jobbar du i industrien og ønsker å auka din digitale kompetanse? Vil du lære meir om nye trendar i arbeidslivet? Er du sjukmeldt og ønsker fagleg påfyll før du er tilbake i jobb?

Då er dette studiet perfekt for deg. Du vil få innføring i ny teknologi og nye trendar i arbeidslivet. Me tek individuelle omsyn, gir mykje støtte undervegs. Kurset er for sjukmelde yrkesarbeidarar, og det blir laget en opplæringsplan mellom arbeidsgiver og den sjukemelde. Det stilles ingen krav til forkunnskapar.

Meld deg på innan 9. januar. Studiet er gratis og gir 10 studiepoeng. Oppstart 25. januar 2023.

Meir om utdanninga

Studiet er utvikla av Norsk Industri, IA-bransjeprogrammet til leverandørindustrien, NAV og Fagskulen Vestland. Det blir digitale samlingar ein gong i veka i ti veker. I tillegg blir det digitale samlingar i gruppe, og individuell oppfølging. Det blir teke omsyn til den sjukmelde sin situasjon, og det er stor fleksibilitet til sjølve gjennomføringa. Tema som blir gjennomgått er sirkulær økonomi og det grøne skiftet, sjølvleiing, kreativitet og innovasjon, industri 4.0 og 5.0, introduksjon til koding og ulike programmeringar. Det vil bli gitt ulike oppgåver som skal gjerast undervegs, og når alle oppgåvene er bestått, er studiet gjennomført.

Kva sit du igjen med?

I tillegg til å meistra ulike dataprogram og programmering, vil du kunna planleggja og gjennomføra yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer og bidra til organisasjonsutvikling. Utdanninga kan kvalifisera deg til andre oppgåver i bedrifta.

Kven kan søkja?

Yrkesfagarbeidare med fagbrev, eller realkompetanse. Søkjarar som har relevant yrkesrøynsle kan bli realkompetanservurdert. Sjukmelde blir prioritert ved opptak.

Interessert?

Kontakt sosialpedagogisk rådgivar, Mirjam Lundhaug, på telefon 930 18 133 eller e-post mirjam.lundhaug@vlfk.no

Meld deg på kurset her: Påmelding