Ei tilfeldigheit gjorde han til fiskenerd på heiltid
Det som starta som ein midlertidig jobb, blei starten på ei karriere Vegard Søhoel aldri hadde sett for seg. Med Fagskulen Vestland har han fått kunnskap som gjer han tryggare i fiskehelse, mikrobiologi og vasskjemi.

Då Vegard Søhoel (38) flytta frå Innlandet til sambuaren i Sogn og Fjordane i 2014, var planen enkel: vere der litt, finne ein midlertidig jobb, og etter kvart gjere noko heilt anna. Slik gjekk det ikkje.
Karriera han ikkje hadde sett for seg
Det er tidleg morgon på settefiskanlegget til Hyen Fisk i Nordfjord. Vegard er på sin vanlige runde for å sjå til regnbogeauren som lever i dei over 100 kara.
– Det var eigentleg heilt tilfeldig at eg havna i akvakultur. Eg hadde ein master i naturbasert reiseliv og skulle søke relevante jobbar. Så fekk eg intervju hos Hyen Fisk, og no har eg vore her i elleve år, seier han og smiler.
Fleire ting gjorde at Vegard blei verande i det som skulle vere ein midlertidig jobb: folka, miljøet på jobb og ikkje minst fisken.
– Eg har alltid vore glad i å fiske, og har vel over 20 fiskestenger heime. Du kan vel kalle meg ein fiskenerd. Så det passa eigentleg ganske bra for meg å jobbe innan fiskeoppdrett. Dette er ein jobb der du bruker både hovudet og sansar. Det er mykje å observere, lytte etter og vurdere. Det likar eg.
På anlegget går han under kallenamnet «hawkeye».
– Eg ser fort når ein fisk ikkje har det bra. Det kan vere små deformasjonar eller skader som ikkje andre legg merke til. Å oppdage slike ting tidleg er viktig, og det er noko eg trivst veldig godt med, fortel han.

Eit studium med akkurat det han trengte
Etter nokre år tok Vegard fagbrev i akvakultur, og kjente raskt at han ville lære meir. Valet fall på Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur ved Fagskulen Vestland.
– Kvar dag jobba eg med vatn, kjemi, fiskehelse og mikrobiologi, men eg kunne for lite. Då eg fann studiet til Fagskulen Vestland, tikka det alle boksane. Det var nettbasert og med labøvingar. Og eg kunne kombinere det med jobben. Det var heilt perfekt.
Kostnaden på studiet var også ein vitig faktor for Vegard.
– Dei fleste studia innan akvakultur kostar mellom 15 000 og 45 000 kroner. På Fagskulen Vestland er kostnaden kun semesteravgift og pensumbøker.
Fagskulen sitt deltidstilbod gjorde det mogleg for Vegard å studere ved sidan av jobb.
– Eg tok studiet nettbasert på kveldstid, med samlingar på Austevoll innimellom. Det var lett å kombinere med full jobb, seier Vegard som vidare trekker fram læraren Geir.
– Han er rå. Engasjert, flink til å formidle, og hadde med alt mogleg utstyr inn i undervisninga. Han var også faktisk mykje av grunnen til at eg melde meg på neste studie ved fagskulen.
Kunnskap for no- og framtid
Vegard har opplæringsansvar for lærlingar og nytilsette, og har ved fleire høve steppa inn som konstituert dagleg leiar når sjefen er borte.
– Etter studiet har eg blitt mykje meir bevisst på kva som skjer oppi kara. Kva som skjer med fisken, kva som skjer med vatnet. Og korleis eg kan styre og endre på vasskvaliteten og kva følger det kan få, både positivt og negativt, seier han og legger til:
– Alt eg lærte på studiet har eg god nytte av i anlegget i dag, men har kanskje endå meir bruk for det i det nye anlegget vi skal bygge: eit resirkuleringsanlegg der vi brukar om igjen vatnet.
Kvifor studere ved Fagskulen Vestland? For Vegard er svaret enkelt:
– Studiet er praktisk og relevant, og du kan bruke kunnskapen med ein gong. Det passar både dei som har fagbrev og dei som er som meg, som har hamna i næringa utan å ha all kompetansen på plass. Du blir tryggare, meir fagleg sterk og det opnar for nye moglegheiter.
Les også