Hopp til hovedinnhold

Frå røyrleggarbas til VVS-ingeniør

For få år sidan stod Ivar på byggeplassen ved Bergen Tinghus som røyrleggarbas. I dag prosjekterer han dei tekniske løysingane i det freda bygget.

Ivar tok ei høgare fagskulegrad i KEM – Klima, energi og miljø

I ei kontorbygning i Nygårdsgaten i Bergen sit ein engasjert Ivar Bjørn Sigurd Andreassen (32). På skjermen er tekniske teikningar for rehabilitering av det ærverdige bygget med rettsalar og kontorlokaler. Her blir føringslinjer, ventilasjon og røyrsystem planlagt ned til minste detalj.  

– Eg bestemmer korleis ting skal bli i eit bygg frå 1933. I mi verd er det så bra som det blir, seier han og smiler.  

For berre nokre år sidan stod han på same byggeplass som røyrleggarbas.  

– Eg har alltid visst ein ting: Viss eg ikkje blir utfordra, så stagnerer eg. Då må eg vidare. 

Her har han følgt restaureringa av Bergen Tinghus i fleire steg i karrieren, frå utførande til prosjekterande. 

– Det er ein stor fordel å ha vore ute å skrudd i prosjektet eg no sit og prosjekterer. Eg forstår løysingane på ein heilt annan måte. Det er morosamt å ha eit bygg som har vekse saman med meg.

Ei utvida verktøykasse 

Ivar kjem frå Hedmarken, men har kalla Bergen heime sidan 2018. Allereie som ungdom visste han at han ville jobbe praktisk. Bruke hendene og forstå korleis ting heng saman. Valet fall på bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande, før han spesialiserte seg innan klima, energi og miljøteknikk og fann vegen inn i røyrleggarfaget.  

 

– Det var den vanskelegaste linja å komme inn på, så derfor valgde eg den.  

Han har alltid søkt utfordringar, og etter nokre år som røyrleggar kom trongen for ny kompetanse og nye moglegheiter. Fagskulen Vestland og ei høgare fagskulegrad i KEM – Klima, energi og miljø blei den naturlege vegen vidare.  

– Fagskulen gav meg ei heilt anna verktøykasse. Teknisk teikning er kvardagen min no. Det eg lærte om prosjektstyring, realistiske økonomiske rammer, anbud og kontrakter brukar eg heile tida.  

Studiet var deltid, nett- og samlingsbasert. Dei fleste i klassen jobba ved sidan av, og Ivar kombinerte fulltidsjobb med studier og kvardag.  

– Det er krevjande. Du må vere førebudd på å jobbe jamnt, minst ein time kvar dag. Og matten, den må du ta på alvor. Mitt beste råd er å opne matteboka før du startar.  

Ivar peikar på lærarane som ein avgjerande faktor.  

– Lærarane var ekstremt dedikerte, og gav oss mykje hjelp i fag som var heilt nye for oss. Eg har sendt spørsmål seint på kvelden og fått svar. Du merkar at dei vil du skal lykkast.

Ettertrakta kompetanse 

I dag jobbar Ivar som rådgjevande ingeniør i Rambøll Norge. Der har han fagansvar i prosjekt, og teiknar og prosjekterar korleis tekniske løysingar skal utførast.  

– Fagskulen Vestland har gitt meg moglegheita til å søke ny jobb og få nye utfordringar. Eg starta i Rambøll med ein tryggleik mange brukar lang tid på å bygge opp. Det speglar seg i ansvaret eg har fått. 

Han får ofte spørsmål frå kollegaer om korleis han ville løyst konkrete problem. Kombinasjonen av kompetansen han har som faglært røyrleggar og den høgare yrkesfaglege utdanninga er svært ettertrakta.  

– Det beste med jobben er utfordringane. Å løyse problem og sjå at løysingane faktisk blir bygde slik vi har planlagt dei seier han og legg til med eit smil:  

– Eg går i aldri tom for jobb, og mykje av grunnen til det er kompetansen eg har fått frå Fagskulen Vestland.  

Les også: