Med fagskulen blei ho spesialisert i pasienttryggleik
Når ein pasient blir rulla inn til operasjon på Haukeland universitetssjukehus ligg alt klart. Sterile instrument som er sortert, pakka og kontrollert til minste detalj. Ein av dei som sørger for det, er Monica Lopes.

– Før tenkte eg mest at eg skulle gjere ein god jobb og få instrumenta reine. Etter å ha gått på Fagskulen Vestland forstår eg kvifor kvar einaste prosess er så viktig, seier Monica Lopes.
På veg inn i Sterilsentralen tar ho på seg nytt arbeidstøy og sørger for at alt hår er dekka av operasjonshua. Ho vaskar og spritar hendene i det ho går inn døra. Som sterilforsyningsteknikar har hygiene og pasienttryggleik aller høgaste prioritet.
I kjernen av pasienttryggleik
Etter nokre år med hovudreinhald på sentraloperasjonen, fekk Monica moglegheita til å gå over til instrumentbehandling. No har ho vore på Haukeland i 17 år.
– På sentraloperasjonen er det mykje som skjer. Legar, sjukepleiarar, portørar og akutte situasjonar som oppstår. Her på sterilsentralen er det rolegare, og det treng vi. Vi skal oppdage om noko framleis er ureint før vi kan sterilisere det og sende det vidare til neste pasient, fortel ho.
Når instrument kjem inn til sterilsentralen, skal dei vere ferdig vaska. Hos Monica og kollegaane går instrumenta gjennom ein nøye prosess. Dei blir kontrollert, olja, pakka og sterilisert, før dei blir sendt vidare til avdelingar på Haukeland universitetssjukehus og andre avdelingar som utfører pasientbehandling. Kort sagt sørger dei for at instrumenta er trygge å bruke kvar einaste gong.
Monica ler litt når ho får spørsmål om kva ho likar best med jobben sin.
– Eg er veldig glad i instrumenta, og trur eg kan nesten alle. Ikkje korleis dei skal brukast i operasjon, men korleis dei skal handterast og leggast opp før sterilisering. Eg likar faget i seg sjølv.

Utfordra seg sjølv til å bli betre i faget
Det var ikkje gitt at Monica skulle tilbake på skulebenken. Med familie, ein travel kvardag og eit anna morsmål, var ikkje vidareutdanning noko ho hadde tenkt på sjølv.
– Eg blei spurt av han som er ansvarleg for stipendordninga for vidareutdanning på Haukeland om eg ville søke på fagskulen. Då hadde eg jobba lenge og kunne mykje, men kjende at eg sakna svaret på kvifor vi gjer ting akkurat slik vi gjer.
Ho søkte på deltidsstudiet Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta som gjekk over to år. Undervisninga var nettbasert og med samlingar.
– Vi lærte mykje om bakteriar og virus, og korleis sterilisatorane faktisk fungerer. Det er utruleg viktig kunnskap. Det handlar om pasienttryggleik. Det er jo det vi tenker på heile tida. Neste pasient kan være meg sjølv eller ein av mine nærmaste.
Det var ikkje alltid lett undervegs, og det var krevande å finne balansen mellom jobb, studier og familieliv. Etter nokre månadar sa Monica til mora si at ho vurderte å gi opp heile studiet. Men med god hjelp av venner og familie til logistikken og ei oppfordring om å ikkje gi seg, gjorde ho det heller ikkje.
– Då eg hadde fullført var eg veldig stolt. 60 studiepoeng på norsk er ikkje berre-berre når du har portugisisk som morsmål.
Spesialist i detaljar
Med kompetansen frå Fagskulen Vestland har ho blitt stødigare i faget sitt.
– Med Fagskulen Vestland har eg fått ein tittel som sterilforsyningsteknikar. Eg har fått 60 studiepoeng eg kan bruke til vidare utdanning. Og eg har fått meir kunnskap. Eg har blitt meir spesialist i det eg gjer kvar dag.
Monica fortel at ho har mange mogelegheiter om ho vil bytte jobb etter kvart.
– Du kan jobbe hos ein tannlege eller på ein klinikk. Det er mykje du kan gjere med utdanninga frå fagskulen.
Les også: