Hopp til hovedinnhold

Fagskulen Vestland i Måløy oppgraderer simulatorane: – Vi skal rive ut ein av dei gamle og få inn to nye

Med gode bidrag frå både SpareBank1 Sogn og Fjordane og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er Fagskulen Vestland, studiestad Måløy, klare til å gi brusimulatorane sine eit skikkeleg løft.

Bildet viser fleire personar som sit i ein brusimulator

– Vi søkte om midlar til oppgradering av eksisterande simulatorar. Planen er at vi skal rive ut den gamle simulatoren i det eine simulator-rommet og få inn to nye, seier Tor-André Krokvik Mikkelsen som er lektor og underviser i navigasjon ved Fagskulen Vestland, studiestad Måløy.

Realistiske og trygge øvingssituasjonar

Simulatortrening er obligatorisk i dekksoffisersutdanninga, og her får studentane trene på å manøvrere skip under trygge og kontrollerte forhold.

– Moderne fartøy er utstyrt med avanserte teknologiske system for navigasjon, kommunikasjon og overvaking, noko det er viktig at studentane får øve seg på. Simulatortrening gir studentane moglegheit til å trene på komplekse og risikofylte situasjonar i trygge miljø. Her får dei praktiske ferdigheiter utan risiko for menneskeliv, fartøy eller miljø. Moderne simulatorar kan gjenskape realistiske forhold som dårleg vêr, høgt trafikkerte farvatn, nødssituasjonar eller tekniske feil, noko som gir ei svært verkelegheitsnær treningsoppleving, seier Krokvik Mikkelsen.

Treninga bidreg òg til at studentane oppfyller krava i STCW-konvensjonen, som stiller internasjonale krav til opplæring og sertifisering av sjøfolk.

Styrkar skulen si konkurransekraft

Dagens simulatorar er frå 1999 og vart sist oppgraderte i 2005. Vedlikehald av utdaterte komponentar og prosjektørar er både krevjande og kostbart. I følge Krokvik Mikkelsen er det mange fordelar med å oppgradere simulatorane.

–Det handlar ikkje minst om at rommet no vil sjå ut som ei skikkeleg bru. At fasilitetane våre blir meir moderne er også viktig for å kunne konkurrere mot andre skular, seier han.

Støtte på fleire millionar kroner

Det var stor entusiasme då SpareBank1 Sogn og Fjordane valde å støtte prosjektet økonomisk. Banksjef Jo Dale Pedersen og Toril Haugen besøkte skulen med ein sjekk på éin million kroner, og fekk sjå simulatorrommet som snart skal delast i to og byggjast om. Utdanningsleiar Einar Folkestad kunne fortelje at moderne teknologi krev mykje mindre plass og gir større kapasitet.

– I staden for fire simulatorar vil vi no få fem, og studentane får moglegheita til å øve på fleire nye ting, seier Folkestad.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har òg løyvd 4,55 millionar kroner til prosjektet, som no er klart for oppstart.

Image (1).jpg

Framtidsretta løysingar og høgare kapasitet

Som del av oppgraderinga vil prosjektørane bli erstatta med moderne skjermar som gjev meir presis vising av komplekse navigasjonssituasjonar som tett trafikk, uvêr eller tekniske feil.

– Simulatornettet vil også bli bygd om, slik at leverandøren kan gi nettbasert service utan å måtte vere fysisk til stades i Måløy. Det sikrar stabil drift og raskare løysingar av tekniske problem, og minimerer risikoen for driftsavbrot. I tillegg frigir det ressursar som kan brukast til vidareutvikling av nye utdanningar og kurs, eller trening av personale, seier Folkestad.

Denne oppgraderinga vil styrke den maritime utdanninga, og sikre tilgang på kandidatar med dei ferdigheitene bransjen krev i dag – og i framtida.