Først ute med nytt pilotkurs i sensorteknologi
Prosjektet Havbrukshorisont satsar på meir teknologi inn i oppdrettsnæringa.

Fagskulen Vestland ved studiestad Austevoll har denne veka starta eit heilt nytt pilotkurs innan sensorteknologi og PLS-styring i akvakultur. Det er første gong modulen blir gjennomført, og målet er å gi havbruksnæringa den teknologiske kompetansen ho treng framover.
Kurset er utvikla gjennom Havbrukshorisont, eit prosjekt som er etablert for å lage vidareutdanningstilbod i tett samarbeid med næringa.
– Dette er kompetanse næringa verkeleg etterspør, seier prosjektleiar Geir Johannessen.
– Og det er inspirerande å sjå korleis studentane koplar ny teori til den praksisen dei møter i kvardagen.
Eit kurs for framtida
Modulen gir opplæring i korleis ein brukar sensorar til å overvake vasskvalitet, oksygen og vassstraum, og korleis ein kan kople desse dataa til automatiserte styringssystem (PLS). Studentane fekk mellom anna kartleggje sensorar i både sjøanlegg og resirkuleringsanlegg (RAS) ved studiested Austevoll.
Guttorm Lyngvær er hovudlærar for sensordelen og underviser i både teori og praksis.
– Moderne oppdrett krev meir teknologiforståing enn før. Det held ikkje berre å kunne biologi. For å sikre god drift og fiskevelferd må ein forstå systema, sensorane og korleis dataa blir brukt, forklarar Lyngvær.

Denne utdanninga er òg eit godt døme på tverrfagleg samarbeid ved Fagskulen Vestland. Her møtest elektro og havbruk i ei felles satsing, der studentane får innsikt både i sensorteknologi og i korleis dataa blir brukte i drifta av oppdrettsanlegg. Sensorar og sanntidsdata frå Akvahallen er ikkje berre nyttige i denne modulen, men kan òg nyttast i undervisninga på elektrofag og i dei nye utdanningane innan reinsing av vatn som skulen er i ferd med å utvikle.
Bygd på behov i næringa
Studentane som deltek, jobbar i havbruksnæringa og har frå før 30 studiepoeng i vasskjemi, mikrobiologi og fiskehelse. No går dei vidare med teknologikompetanse dei kan bruke i jobben.
– Eg jobbar på eit stort settefiskanlegg med mange sensorar. Då er det nyttig å forstå korleis alt dette fungerer, seier Ragnhild Høgås Iversen frå Lerøy Sjøtroll på Fitjar.
Tett samarbeid med bransjen
Kurset er utvikla i tett kontakt med næringa. Under samlinga deltok òg representantar frå Fluctus og Aanderaa Data Instrumenter, som viste fram teknologien og delte erfaringar om korleis gode data og rett bruk kan gi både betre fiskevelferd og meir berekraftig drift.

Framover: PLS-programmering og sanntidsdata
Vidare i kurset skal deltakarane lære å programmere PLS, kalibrere sensorar og gjennomføre risikovurderingar basert på sanntidsdata. Modulen blir avslutta med ein praktisk eksamen før jul.
Dette er det første pilotkurset i sitt slag, men det blir ikkje det siste:
– Gjennom Havbrukshorisont skal vi utvikle fleire slike modular. Vi vil vere med på å forme framtida i oppdrettsnæringa, seier Johannessen.
