Over 13 millionar til Fagskulen Vestland
Regjeringa har løyvd 77,8 millionar kroner til 18 fagskular over heile landet for å styrke og utvikle utdanningstilbodet innan yrkesfag. Blant desse skulane har Fagskulen Vestland mottatt den største tildelinga, med heile 13,3 millionar kroner.

Midlane skal brukast til å vidareutvikle utdanningstilbod som er tett knytt til arbeidslivet sine behov, oppgradere utstyr og styrkje kompetansen til lærarane. Dette er ei viktig satsing som vil bidra til å sikre at studentane får oppdatert og relevant kompetanse i møte med ein arbeidsmarknad i stadig utvikling.
Sju ulike prosjekt ved Fagskulen Vestland har fått tildeling, spreidd på fem av skulen sine studiestader, frå Måløy i nord til Austevoll i sør. Midlane skal brukast til innkjøp av teknisk utstyr til undervisning retta mot bygg- og anleggsfag, til avansert sensorteknologi i havbruksutdanningar, og til oppgradering av simulatorar i våre maritime og petroleums-tekniske utdanningar. I tillegg skal vi utvikle nye utdanningar for framtidas arbeidsliv og det grøne skiftet, både innan byggautomatisering og for våre fagarbeidarar som trenger meir spesialisering i industrien. Dette vil gi studentane betre føresetnader for å fylle både tradisjonelle og framveksande roller i eit raskt skiftande arbeidsmarknad. I tillegg til dei sju prosjekta, er Fagskulen Vestland og partnar i et kompetansehevingsprosjekt saman med Fagskolen Viken.
Torbjørn Mjelstad, rektor ved Fagskulen Vestland, er særs nøgd med tildelinga.

Vi er svært stolte og glade for denne tildelinga
Rektor Torbjørn Mjelstad.
– Regjeringa si store satsing på fagskulane viser ei tydeleg anerkjenning av vår betydning for samfunns- og næringsutvikling. Vi er svært stolte og glade for denne tildelinga, som vil gi oss moglegheit til å vidareutvikle studietilboda våre og sikre at studentane våre får den beste utdanninga. Ekstra kjekt blir det å samarbeide med Fagskolen Viken om kompetanseheving for lærarar innan mangfald og tilrettelegging for studentar, avsluttar Mjelstad.
Her kan du lese meir om prosjekta som har fått tildeling:
HavbruksHorisont 2.0 (Austevoll)
Havbruksnæringa er ei av Noregs største eksportnæringar, men møter store krav til berekraft, dyrevelferd og innovasjon. For å møte bransjen sine behov er det avgjerande å tilby oppdatert utdanning som kombinerer avansert teknologi og fleksible læringsformer. Prosjektet skal styrke akvakulturutdannina ved å integrere moderne sensorteknologi og fjernstyrte system som speglar dagens krav i næringa. Dette utstyret vil gi studentane tilgang til sanntidsovervaking, datakalibrering og fjernstyrte løysingar som blir brukte i moderne oppdrettsanlegg. Prosjektet sikrar òg opplæring av faglærarar og utvikling av undervisningsmateriell som legg til rette for praksisnær opplæring. Gjennom fleksibel nettundervisning kombinert med samlingar vil studentane oppnå relevant og oppdatert kompetanse, samstundes som dei bidreg til auka innovasjon og berekraft i havbruksnæringa.
Frå fagarbeidar til innovatør (Nordnes)
Ved avdeling for maskin- og prosessteknikk utviklar vi eit påbyggsstudium på 60 studiepoeng innan prosjektleiing og innovasjon, som skal kunne kombinerast med alle våre tekniske utdanningar. Målet er å møte bransjen sitt aukande behov for spesialisert kompetanse innan produksjon, vedlikehald og prosjektleiing for denne typen fagarbeidarar. Dette er særleg aktuelt i lys av det grøne skiftet og krava frå arbeidsmarknaden om praktisk kompetanse tilsvarande ein bachelorgrad. Utdanninga vil gi studentane betre føresetnader for å fylle både tradisjonelle og framveksande roller i ein raskt skiftande arbeidsmarknad og vil kunne bidra til auke kvaliteten på den samla fagskuleutdanninga. Ikkje minst vil den kunne gi fagarbeidaren eit alternativ til høgare utdanning utan å måtte gå den akademiske vegen.
Næringslab (Førde)
Prosjektet skal oppgradere labinfrastrukturen med ein strekkprøvemaskin i industriskala og eit fleksibelt cobotsystem for robotsveising. Teknologien vil bli supplert med skjermar som gir studentane moglegheit til å følgje maskinane i sanntid, noko som styrker studentaktiv læring og koplinga mellom teori og praksis. Prosjektet er basert på behov frå næringslivet og blir gjennomført i samarbeid med Campus Førde Verftet AS. Målet er å sikre framtidsrelevant utdanning, gi studentane praktisk erfaring med avansert teknologi og styrke deira bidrag til innovasjon og det grøne skiftet. Effekten av prosjektet vil vere varig, med styrka undervisning, tettare samarbeid med næringslivet og auka moglegheiter for etter- og vidareutdanningstilbod. Dette posisjonerer Fagskulen Vestland som ein sentral aktør for kompetanseutvikling og regional vekst.
Portabelt maskineringsutstyr (Førde)
Prosjektet tek sikte på å vidareutvikle labutstyret og fagleg aktivitet innan moderne maskineringsmetodar ved studiestad Førde og i samarbeid med Fjordane Engineering AS. Målet med prosjektet er å styrke teknologiutdanningane gjennom meir næringsrelevant læring og moderne labutstyr som møter behova i industrien. Det portable maskineringsutstyret består av fleire maskiner og verktøy som samla kan tilsvare ein liten mekanisk maskineringsverkstad. Det er venta at tiltaket vil gi betydelege fordelar, som auka relevans og kvalitet på utdanninga, styrka samarbeid mellom skule og næringsliv, og tilrettelegging for innovasjon og nytenking i utdanningsløpet. Gjennom dette prosjektet vil Fagskulen Vestland bidra til å dekke kompetansebehov i regionen og støtte den grøne omstillinga i industrien, i tråd med nasjonale og regionale mål.
Byggautomasjon med energistyring (Førde)
Dagens bygg blir meir komplekse, og byggdriftarar møter stadig nye utfordringar med å sikre optimal drift og effektiv energibruk. Byggdriftarar må mellom anna kunne bruke SD-anlegg (sentral driftskontroll) og andre styringssystem for å balansere energibruk og inneklima. Moderne byggautomasjon krev derfor spesialisert kompetanse og for å møte desse behova ønsker vi å utvikle ei ny utdanning innan byggautomasjon og energistyring. Studiet, med arbeidstittel «Byggautomasjon med energistyring», skal gi byggdriftarar erfaringsbasert kompetanse til å drifte moderne bygg på ein berekraftig måte. Målet er å ruste byggdriftarar til å møte framtidas krav til berekraftige og energieffektive bygg, samtidig som dei tek omsyn til inneklima og miljøkrav.
Oppgradering av brusimulator (Måløy)
Prosjektet tek sikte på å oppgradere brusimulatoren ved dekksoffiserutdanninga i Måløy. Simulatoren er eit viktig treningsverktøy for våre maritime studentar og blir brukt til å gi realistisk opplæring i samsvar med internasjonale krav i STCW-konvensjonen. Ei oppgradering vil sikre at simulatoren framleis kan brukast til effektiv undervisning og opplæring av kommande dekksoffiserar. Den vil òg styrke kvaliteten på opplæringa, spesielt med tanke på tryggleik og krisehandtering, ved å tilby meir realistiske og komplekse treningsscenario.
Oppgradering av boresimulator (Nygård)
Fagskulen Vestland er ein viktig leverandør av høgt kvalifiserte boreteknikarar for norsk sokkel og er den einaste fagskulen med ein fullskala boresimulator. Gjennom dette prosjektet ønskjer vi å oppgradere boresimulatoren vår med eit programvaretillegg som mogleggjer simulering av naudfråkopling (Emergency Disconnect System, EDS). Ein EDS blir brukt i kritiske situasjonar på flytande boreplattformer, som ved brann, dårleg vêr eller kollisjonsfare, for å sikre brønnen og verne plattforma. Det er ikkje mogleg å trene på slike situasjonar i verkelegheita, og ei oppgradering av boresimulatoren vil derfor gi studentane ei unik moglegheit til å øve på realistiske og prosedyrestyrte naudscenario i eit trygt, virtuelt miljø.
Mangfaldskompetanse (samarbeid med Fagskolen Viken)
Prosjektet, som er eit samarbeid med Fagskolen Viken, har som mål å styrke lærarane si forståing av mangfald og inkludering, samt deira evne til å møte studentar med ulike behov på ein effektiv måte. Dette inneber både å gi lærarane betre tilgang til pedagogiske og teknologiske verktøy og å auke medvitet deira rundt eigne haldningar og kommunikasjon. Prosjektet skal utvikle fem modular, tilgjengelege på skulane sin digitale plattform, som skal fungere som ei «verktøykasse» med praktisk opplæring i digitale hjelpemiddel, pedagogiske verktøy og metodar som kan tilpassast studentane sine individuelle behov.