Hopp til hovedinnhold

Fagskulen Vestland får over seks millionar kroner i utviklingsmidlar

Bilde av to studenter som held på med teknisk utstyr i ein lab.

Tidlegare i april kom meldinga om at regjeringa deler ut over 76 millionar kroner til ulike utviklingsprosjekt ved fagskulane. Fagskulen Vestland får støtte til seks ulike prosjekt.

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som har lyst ut midlane gjennom tilskotsordninga «Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning». Ordninga er etablert for å styrke kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom betre læring for studentane, auka kvalitet i undervisninga og høg arbeidslivsrelevans.

Rett kompetanse for framtida

I utlysinga heiter det at midlane skal gå til prosjekt som skal utvikle nye utdanningar i samarbeid med arbeidslivet, få på plass naudsynt utstyr, ta i bruk digital teknologi i læring og undervisning og tilby kompetanseheving til lærarar for å sikre undervisning av høg kvalitet. Rektor ved Fagskulen Vestland, Torbjørn Mjelstad, seier at desse midlane kjem særs godt med.

– Arbeidslivet og verda rundt oss endrar seg raskare enn nokon gong. Om Fagskulen Vestland skal forsyne arbeidsmarknaden med den rette kompetansen for framtida, må vi heile tida vere i forkant. Desse midlane går til ulike prosjekt som sørger for at vi også i framtida kan levere utdanningar som både arbeidslivet og studentane våre er nøgde med, seier Mjelstad.

Nye utdanningar og nytt utstyr

Dei seks prosjekta som no får utviklingsmidlar er knytt til ulike fagområde og studiestadar. Innan fagfeltet helse- og oppvekst skal det utviklast to nye utdanningar, medan det også skal jobbast fram ei utdanning innan vass- og avløpsteknikk. I tillegg skal det utviklast to nye påbyggsutdanningar, knytt til byggfag og arboristfag. Det siste prosjektet går ut på å utvikle ein tverrfagleg teknisk lab ved studiestad Førde.

– Det er seks særs gode prosjekt som no får utviklingsmidlar frå regjeringa. Felles for alle er at dei er godt gjennomarbeida og svarar direkte på konkrete tilbakemeldingar og behov frå arbeidslivet. Vi skal vere arbeidslivet sin skule, og då må vi tilby løysingar på dei utfordringane arbeidslivet faktisk har. Både her og no, og i framtida, seier rektor Mjelstad.

Viktige midlar: Rektor Torbjørn Mjelstad er godt nøgd med tildelinga av utviklingsmidlar. Foto: Fagskulen Vestland

 

Dette er dei seks prosjekta som har fått støtte:

 

Utvikling av tverrfagleg teknisk lab i Førde

Fagskulen Vestland sin studiestad i Førde tilbyr ei rekke ulike utdanningar innan tekniske fag. Vi samarbeider med Campus Verftet om laboratoriefasilitetar, men den teknologiske utviklinga går fort og vi har stadig behov for å utvide med nye tekniske hjelpemiddel.

I dette prosjektet vil vi i samarbeid med Campus Verftet utvikle ein tverrfagleg teknisk lab, med eit breitt utval av framtidsretta og høgteknologisk utstyr. Her er det planar om alt frå avanserte ventilasjons- og røyrsystem, dronar, 3D-kamera og VR-utstyr. Dette vil bidra til at studentane våre får viktig erfaring med den nyaste teknologien og får framtidsretta kompetanse som arbeidslivet har behov for.

Ny utdanning: Observasjons- og vurderingskompetanse

Helse- og omsorgssektoren er i rask endring og behovet for spesialisert kompetanse er stadig aukande. Mange eldre pasientar i kommunehelsetenesta har behov for helsepersonell med god klinisk vurderingskompetanse. Dette gjeld spesielt dersom pasienten også har ein demenssjukdom. Mangelen på sjukepleiarar gjer at ein framover vil få ei oppgåvegliding frå sjukepleiarar til andre helsefaglege yrkesgrupper, noko som vil auke behovet for oppdatert og målretta opplæring.  

Dette prosjektet tek sikte på å utvikle ei fagskuleutdanning som styrkar observasjons- og vurderingskompetansen til helsefagarbeidarar for å møte krava i helsedirektoratets retningslinjer og behova i framtidas helse- og omsorgssektor.

Ny utdanning: Psykososialt arbeid med born og unge

Dette prosjektet skal utvikle ei ny utdanning med fokus på psykososialt arbeid med born og unge.

Stortingsmeldinga «Tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skule og SFO» tek opp korleis ein kan arbeide førebyggande mot skulevegring gjennom å skape gode overgangar og samanhengar i heile utdanningsløpet. Den nye utdanninga skal vere tilpassa behova i barnehagesektoren og utfordringar knytt til born og unges oppvekstvilkår. Målet er å utdanne ansvarlege og kunnskapsrike fagarbeidarar med spisskompetanse innan psykososialt arbeid.

Ny utdanning: Vass- og avløpsteknikk

Gjennom dette prosjektet vil Fagskulen Vestland utvikle eit nytt studietilbod innan vass- og avløpsteknikk. Dette er eit samfunnskritisk fagfelt med høg aktualitet, men er også eit fagområde som er lite representert i utdanningssektoren. Klimaendringar og nye miljøkrav skaper stadig større etterspurnad etter kompetent arbeidskraft innan dette fagområdet.

Styresmaktene arbeidar med ei ny stortingsmelding om flaum og skred, og frå EU er det forventa eit nytt avløpsdirektiv. Fagskulen Vestland meiner derfor det er viktig å utvikle ei utdanning i vass- og avløpsteknikk for å sikre kompetanse i faget i tida som kjem. Fagskulen vil samarbeide tett med arbeidsliv og industri for å sikre at den nye utdanninga oppfyller dei kompetansekrava som fagarbeidarar innan vatn og avløp vil møte i framtida. Det er difor forventa at utdanninga vil ha stor regional betydning for Vestlandet.

Ny påbyggsutdanning: Byggeadministrasjon

Dette prosjektet skal utvikle ei påbyggsutdanning innan byggeadministrasjon, knytt til den ordinære fagskuleutdanninga for byggfag. Konkurransen i bygg- og anleggsbransjen er stor, og det blir stadig strengare krav til dokumentasjon, innkjøpsreglar og utlysingar. Ønsket om ei slik utdanning kjem frå bransjen, og både studentar og bedrifter har etterlyst ei styrking av den administrative kompetansen blant fagskuleingeniørar.

Eit viktig utviklingsområde for byggjenæringa er overgangen til ein meir berekraftig byggjebransje som tek inn over seg FNs berekraftsmål ved prosjektering, bygningsproduksjon og byggforvaltning. Målet er at den planlagde utdanninga skal tilby ei spesialisert leiingsutdanning for studentar som har ambisjonar om leiarstillingar i bygg- og anleggsbransjen.

Ny påbyggsutdanning: Rådgivande arborist

I dette prosjektet ønsker ein å jobbe fram ei påbyggsutdanning til den eksisterande arboristutdanninga. Bakgrunnen for dette er at næringa opplever auka etterspørsel etter faglege rapportar og vurderingar knytt til tre. Slik arboristutdanninga er lagt opp i dag er det dessverre ikkje nok tid til å gi studentane tilstrekkeleg kompetanse innan rådgiving og rapportering. Gjennom den nye påbyggsutdanninga vil Fagskulen Vestland tilby eit godt supplerande tilbod til ferdig utdanna arboristar som ønsker seg auka kompetanse innan rådgiving.

Rådgivande arborist: Ei ny påbyggsutdanning skal gi arboristane meir kompetanse på rådgiving. Foto: Fagskulen Vestland