Vegen opp i styrehuset
Etter fleire år som matros visste Simon Aakre Pedersen at han ville vidare. Med praktisk undervisning, tett oppfølging og gode jobbutsikter blei Fagskulen Vestland det naturlege valet. I dag er han tilbake på Hordagut – tryggare, meir kompetent og klar for styrmannsrolla.

Simon Aakre Pedersen (27) står på brua og ser inn mot Vågen i Bergen, medan Hordagut glir stille inn mot byen.
– Det høyres kanskje litt klisjé ut, men du føler deg litt som kongen på haugen. Det er utruleg kult å manøvrere store båtar, seier han og gliser.
Framfor han ventar fire nye veker på vestlandskysten. Arbeidsbagen er pakka, heimeperioden med jakt, familie og ærend er unnagjort, og no er han klar for sjølivet igjen.
Han har forberedt seg mentalt, men veit aldri heilt kva som ventar. To dagar på sjøen er aldri like. Vêr og vind spelar inn på seilas, manøvrering til og frå merder og fiskehandtering.
– Du må vere påskrudd, spesielt i dårleg vêr eller tett trafikk. Utsikta du legg deg til er sjeldan den du vaknar til, og det er alltid noko nytt å sette seg inn i. Det gir spenning.
Eit mål i sikte
Han vaks opp i Brekke i Sogn, med fjorden som næraste nabo.
– Eg vakna til fjorden kvar morgon. Det var alltid spennande å stå opp å trekke garn og teiner, og eg fekk tidleg eigen sjark.
Med foreldre som begge er navigatørar, låg karrierevalet hans i familien.
– Eg har eigentleg aldri sett for meg noko anna enn å jobbe på sjøen, seier han.
Karrierevegen starta på skuleskipet Gann, der han tok maskinfag. Deretter fekk Simon lærlingplass som motormann på Hurtigruten og fagbrev i maskin. Men etter ei stund kjende han lysta til å vere meir ute, ikkje berre i maskinrommet. Difor tok han også fagbrev som matros.
– Det er gull verdt å ha tverrfagleg bakgrunn.
I 2020 fekk han tilbod om å vere med på brønnbåten Hordagut, som kan frakte over 500 tonn med levande fisk, heilt frå ferdigstilling. Der har han blitt verande, med eit mål i sikte: å ta steget vidare som navigatør.

Då eg var 25 år, tenkte eg: No må eg berre gjere det. Eg hadde høyrt mykje bra om Fagskulen Vestland, og at dei verkeleg ville få folk i jobb. Og det stemte.
Det neste steget
Etter fleire år som matros kom ønsket om å stige i gradene, og han tok utdanninga Dekkoffiser på leiingsnivå. Overgangen frå jobb til skule var brå, men Simon kom raskt inn i rytmen. Han trivdest godt i klassen, sjølv om mange var yngre enn han.
– Sjøfolk er sjøfolk – du passar alltid inn. Eg endte opp med å få venner for livet, seier han.
Undervisninga var variert og praktisk retta, med kombinasjon av teori, simulator og oppgåveløysing. Periodane i simulator-labben gjorde særleg inntrykk.
– Der simulerte vi alt frå lasting og lossing til seilas i Kiel og Austevoll. Det var utruleg lærerikt å få prøve.

Tilbake på brua med meir ansvar og tillit
Då han kom tilbake til Hordagut etter endt utdanning, merka han fort at alt fall meir på plass. Manøvreringa, navigasjonssystema og rutinar han før berre hadde gjort «på intuisjon», fekk no djupare meining. Kollegaene gav han meir ansvar og tillit, og han kjende sjølv større fagleg tyngde.
– Eg er tryggare på regelverk, rutinar og kommunikasjon til sjøs enn det eg var. Det er mykje meir hovudarbeid enn før, men det er også mykje meir givande, seier han.
Målet er å få jobb som styrmann, og ein dag kanskje kaptein. Med fagskuleutdanninga ligg alt til rette for det, no handlar det berre om å bygge erfaring. For dei som vurderer same retning, har han eit tydeleg råd:
– Fagskulen er eit veldig godt val for dei som vil bygge vidare. Du får praktisk undervisning, dyktige lærarar og eit miljø som vil at du skal lykkast. Det er ei utdanning som opnar dører i heile bransjen, og ein trygg veg vidare om du vil opp i styrehuset.