Kva kan vi få til saman?
Avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU) samarbeider tett med bedrifter for å kartlegge kompetansebehov og utvikle målretta opplæringstilbod. Målet er klart: Fleksibel, relevant og praksisnær kompetanseheving.
Vi utviklar utdanningar som næringslivet faktisk har bruk for.
Eilert Årseth, prorektor utdanning
I staden for lange, faste løp, tilbyr Fagskulen Vestland no stadig fleire utdanningar som korte modular. Bedrifter og tilsette kan plukke ut akkurat det dei treng – når dei treng det. Slik får verksemdene raskt påfyll av kompetanse, utan å sende folk bort frå jobben i lange periodar.
Tilgjengeleg, kompetent – og finansiert
Mange av tilboda blir finansierte gjennom ordningar som Industrifagskulen og Bransjeprogram. Det betyr at utdanninga ofte ikkje kostar meir enn innsatsen – og at ho er lagt opp for å kunne takast ved sidan av tilnærma full jobb.
Fagskulen Vestland har eit sterkt fagmiljø med erfaring frå både undervisning og bransje. Lærarane utviklar faginnhald i tett dialog med næringslivet, og tilpassar opplegget etter lokale behov. Fagskulen er fysisk til stades på store delar av Vestlandet, med åtte eigne campusar og godt samarbeid med studiesentera.
Praksisnær utdanning
Eit døme på godt samarbeid om praksisnær utdanning, er utdanninga i prosjektleiing som vart gjennomført for tilsette ved Stadyard, Ulvesund Elektro, Verlo, Måløy Verft og Fjordpipe, i samarbeid mellom Fagskulen Vestland og Studiesenter Kysten. Her fekk studentane kombinere utdanning med reelle prosjekt.
Dette var ei god erfaring. Vi hadde leita ei stund etter ei utdanning innan prosjektarbeid som var direkte relevant for oss som skipsverft. Det var lett å finne studiar innan prosjektleiing, men det var ei utfordring å finne eit som var bransjerelatert, og som kunne takast i våre lokale.
Glenn Paris, HR-ansvarleg hos Stadyard i intervju med Fjordenes Tidende
Vi vil gjerne høyre frå deg!
Ta kontakt med Fagskulen Vestland for ein uforpliktande prat om moglegheiter for samarbeid.
- Anne Britt Fedøy
- Telefon: 951 42 957
- E-post: anne.britt.fedoy@vlfk.no
- Frode Grimelid
- Telefon: 916 15 460
- E-post: frode.grimelid@vlfk.no
- Ole Johnny Fjorden Solberg
- Telefon: 902 87 782
- E-post: ole.johnny.fjorden.solberg@vlfk.no