Hopp til hovedinnhold

Om Fagskulen Vestland

Personar i arbeidsklede

Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulen i landet, med vel 1900 studentar og om lag 170 tilsette. Skulen tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring. Våre utdanningar er korte og yrkesretta, og byggjer på fag-/sveinebrev, eller relevant arbeidserfaring. Skulen har eit stort og variert utval av utdanningar med tilbod innan maritime, marine, tekniske, petroleumtekniske, grøne- og helsefaglege retningar.

Hovudadministrasjonen samt dei tekniske og helsefaglege utdanningane er lokalisert på studiestad Nordnes i Bergen.

På studiestad Førde tilbyr fagskulen tekniske utdanningar. Her har fagskulen også eit kurssenter for offentleg og privat næringsliv.

Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning. Dei maritime utdanningane er godkjend av Sjøfartsdirektoratet og sertifisert av DNV. Fagskulen tilbyr maritime utdanningar på tre studiestader: Austevoll, Måløy og Nygård i Bergen.
I tillegg har vi marine utdanningar i Austevoll og Måløy. Austevoll har Ras, landbasert oppdrett, og Måløy har leiing i havbruksoperasjonar. 

På Voss har vi lange tradisjonar innanfor anlegg og på Hjeltnes i Ulvik kan ein studere for å bli arborist eller fordjupe seg innan lokal matkultur.

 

Forsiden Brosyre- avlang1.jpg

Brosjyre for Fagskulen Vestland

Film om skulen vår

 

Sjå våre utdanningar

 

Kontaktinformasjon Fagskulen Vestland

Telefon: 55 33 78 00

e-post: fagskulenvestland@vlfk.no

Postadresse: Fagskulen Vestland Pb. 1876 Nordnes, 5817 Bergen