Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Austevoll

Fagskulen sine lokale i Austevoll

Fagskulen Vestland har tilbod om Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur og Dekksoffiser ved studiestaden Austevoll. På studiestad Austevoll har vi blant anna ein toppmoderne bru-simulator og gode studentfasilitetar saman med Austevoll vidaregåande skule.

Oppmøte for dei ulike utdanningane

Dekkoffiser: Måndag 15. august kl. 12 for 1. klasse og kl. 10 for 2. klasse.

Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur: Første undervisningsdag blir 24. august og første fysiske samling blir 7. september.

Registrere oppmøte:

Du registrerer oppmøte ved å nytte QR-kode gjort tilgjengeleg på studiestaden din (for studentar på heiltid), og digitalt for studentar på deltid/samling/nett.

Studiestad Austevoll er på Huftarøy i Austevoll kommune. Skulen deler lokaler med Austevoll vidaregåande skole. Her kan du studere Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur eller Dekksoffiser.

Skulen er moderne med gode fasilitetar for læring. Vi har store undervisningslokale, utstyrt med E-beam tavler. Vi disponerer opplæringsfartøyet «Stø Kurs» i periodar i tillegg til nye navigasjonssimulatorar.

Austevoll er ein kommune med ein stor maritim næring både innan offshore og fiskeri som skolen har eit godt og nært samarbeid med. Dette er med å sikre at skolen sitt mål om ein utdanning med høy yrkesrelevans blir tatt vare på.

Studiestad Austevoll er sertifisert som «maritimt akademi» av Det norske Veritas og har godkjenning av NOKUT for å tilby dekksoffisersutdanning.

Sjå vår brosjyre for meir informasjon og søk studieplass på Samordna opptak

Besøksadresse:

Sauganeset 18, Storebø