Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Førde

Studentar i eit klasserom

I Førde har Fagskulen Vestland nye lokale og labfasilitetar med topp moderne utstyr. Vi tilbyr fleksible deltidsutdanningar som er utvikla i tett samarbeid med næringslivet. Slik får du kompetansen som trengst.

Studiestart hausten 2024: 

Når du kjem på første samlinga inviterer vi til "bli kjend" kveld mandag, på aktivitetstpuben Verftet som ligg i 2. etasje i same byggget som Fagskulen held til. Vi håpar mange nyttar anledninga til å mingle, og å bli kjend med kvarandre. Vi byr på quiz og ymse aktivitetar der ein kan få utløp for båe konkurranseinstinktet og dei små grå. 

 

Utdanningar ved studiestad Førde:

 

Om studiestaden

I Førde finn du eit godt organisert studentmiljø via studentsamskipnaden Saman, og mange spennande fritidsaktivitetar, som gokart, bowling, kajakk, sykkel, paragliding, klatring, judo, symjing, vektløfting, div.treningsstudio, fotball, handball, sandvolleyball, volleyball, friidrett, skisport, paragliding m.m. Av kulturtilbod kan vi nemne kino, bibliotek med meirope, teater, Førdefestivalen og Truck`n Trøkk. Byen har båe flyklubb og veteranbilklubb. 

Fagskulen finn du i 3. etasjen i Skaparhuset, som ligg ytterst på Øyrane. Vi er samlokalisert med Sunnfjordparken, som har Vestlands største trampolinepark og leikeland. Her kan ein få seg ein matbit, og studentane kan nytte seg av rabatter til fasilitetane. Aktivitetspuben Verftet har nyleg opna i 2. etasje. I Skaparhuset finn du og Campus Verftet, eit felleslokale som har topp moderne labfasilitetar. 

Nyttig informasjon:

Skal du på fysisk samling og treng overnatting?

Saman tilbyr korttidsutleige av studenthyblar. Følg denne lenka for meir informasjon

Ein kan elles sjekke ut Førde Gjestehus og Camping, Thon Hotel Førde og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Førde Pensjonat ligg og sentralt til. Her er og eit utval av overnattingsmogelegheiter på Airbnb

Besøksadresse:

Øyrane 12, 6800 Førde