Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Hjeltnes

Fagskulen Vestland sin studiestad på Hjeltnes

I vakre omgjevnader på studiestad Hjeltnes i Ulvik, tilbyr Fagskulen Vestland grøne og gastronomiske utdanningar.

Bolig:

Hardanger produksjonsskule driv internat og kantine på Hjeltnes og du får tilbod om å leige hybel her under samlingane. For vekesamlingar frå søndag kveld til torsdag kostar det 2240,- pr samling. Dette inkluderer hybel med seng og vask på rommet, dusj/toalett på gangen. Utvask er inkludert i prisen, sengetøy og handkle må du ta med sjølv. Internatet har felles stove og kjøkken. I kantina vert det servert frukost, lunsj og middag. 
Behov for overnatting på internatet sendes på epost til: andrid.solaas@vlfk.no

NB! Det vert ikkje kveldsmat søndag kveld, så ta med mat eller et undervegs

Transport:


Hjeltnes ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden. Om du skal nytte deg av offentleg transport så er tog til Voss eit greitt alternativ. Har du spørsmål om korleis du skal kome deg til Ulvik, ta kontakt.

Nyttig å vite for deg som skal bli arborist:

Bøker innan arboristfaget er ei utfordring, det finst mykje engelsk litteratur og mindre på norsk. Vi prøver å halde oss til norske bøker, men noko engelsk vert det. Det vert i stor grad og nytta forelesningsnotater, presentasjonar, fagartiklar ol. 

Du vil få ei liste over personleg klatreutstyr som du må skaffe deg. Men, vi anbefaler at du ikkje kjøper utstyr før oppstart. På 1. samlinga får du informasjon og høve til å prøve klatreustyr av litt ulike merke og modellar. Dette for å unngå at du kjøper feil og lite høvelig utstyr. Har du utstyr frå før, tek du det sjølvsagt med.

 

 

Utdanningar ved studiestad Hjeltnes:

 

Om studiestaden

Hjeltnes ligg i Ulvik herad, innerst i Hardangerfjorden. Om lag 5 mil frå Voss, 15 mil frå Bergen og 35 mil frå Oslo.
Fagskulen har gode undervisningslokale, digitalt klasserom, bibliotek, eige kjøkken for studentane på lokal matkultur og eige utstyrsrom for arboristane.

Fagskulen Vestland held til på same området som Hardanger produksjonsskole. Produksjonsskolen driv gardsbruket med mellom anna produksjon av frukt og grønsaker, dyrehald og har eigen fiskebåt. Matproduksjon skjer i samarbeid med fagskuletilbodet Lokal matkultur.

Hardanger produksjonsskole har 2 internatbygg og leiger ut hyblar til studentar på fagskulen. Internatbygget har felles kjøkken og stove, vask på rommet og kvar gang deler dusj/toalett. I kantina blir det servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat.

Besøksadresse:

Hjeltnesvegen 185, 5730 Ulvik