Hopp til hovedinnhold

Velkomen til biblioteket på studiestad Nordnes

Her finn du biblioteket:

Du finn biblioteket i 4.etg Nybygget. Heis er tilgjengeleg.

Opningstid:

Biblioteket er open kvardagar kl. 08.00-22.00

Kva kan du gjere på biblioteket?

Her kan du låne bøker, lese dagens aviser og magasin. Her er også ein PC som kan brukast.
Bokutvalet er både fagbøker innan dei forskjellige utdanningane, formelsamlingar, ordbøker, hobbybøker, reiselitteratur, oppslagsverk og norsk og engelsk skjønnlitteratur med godt utval i krimlitteratur.
I biblioteket er det god plass til kollokviegrupper, og fine kroker til individuelt arbeid.

Søking etter bøker/tidsskrift:

Du kan søke på bøker her og du kan låne bøker ved å bruke appen Bibliofil.
Last ned appen Bibliofil til mobilen din i dag og gjer både søk og registrer utlån ved hjelp av appen. (Ein kan ikkje bestille bøker via appen). Bibliofilappen kan du også bruke på alle folkebibliotek i Norge.

Registrere utlån:

Studentar kan sjølv registrere utlån og innlevering på biblioteket. Logg deg inn her og skriv inn boka si strekkode som står på klistremerka på bøkene som er merkte med skulen sitt namn.

Eksterne ressursar

Har du lest ei e-bok før? Biblioteket legg til rette for at studentar og lærarar kan låne og lese e-bøker uansett kor dei er i verda. Bruk sjansen til å få lest bøker. Les meir her. 

Nasjonalbiblioteket gir digital tilgang til bøker, aviser og tidsskrift til alle gjennom Nettbiblioteket.

Dette er biblioteket i Bergen med best utsikt og godt humør.

Kvifor lese bøker?

5 grunnar til å lese ei bok:
*Mental stimulering. Akkurat som vi må trene kroppen for å halde den i form så må også hjernen trene ...
*Bli kvitt stress. Å lese hjelper mot stress.
*Få ny kunnskap. Alt du leser fyller deg opp med ny kunnskap.
*Forbetrar hukommelsen og humøret.
*Held deg fokusert.

Korleis oppnå lukkekjensle ved å gå på biblioteket?

Forsking har vist at lukkekjensle oppnår ein ved fem hovudpilarar og her viser eg korleis biblioteket hjelper deg med dette:
1) Gode relasjonar ( byggast når ein møter medstudentar og tilsette på biblioteket)
2) Følelsen av å være til nytte (får du om du ryddar litt der samtidig)
3) Sanseopplevingar (får du ved å sjå dei flotte bilda tatt av fotograf og lærar Suman Mishra og også ved å sjå den flotte utsikten til både Sandviken og Laksevåg.)
4) Fysisk aktivitet (ved å gå trappene opp til 4.etg)
5) Lære noko nytt (får du ved å lese frå det gode utvalet av litteratur.)
(Lykkeforsking er bl.a. gjort av psykolog og seniorforskar Ragnhild Bang Nes. Boka finn du på biblioteket)

Kom gjerne med ynskjer om bøker eller magasin vi burde ha tilgjengeleg.

VELKOMEN

Helsing Mona Skjønhaug
bibliotekar