Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg. Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Hjeltnes.
Søk studieplass på Samordna opptak.
Praktisk informasjon om utdanninga
Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skuleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg.
Det blir samlingar på skole om lag ei veke kvar månad, dei fleste samlingane er på Hjeltnes, men nokre samlingar blir lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skole, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis. Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
Opptakskrav
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
- landbruk
- gartnar
- studieførebuande naturbruk
Relevante fagbrev:
- anleggsgartnar
- skogfaget
Høgare relevant utdanning frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, eller høgskolestudiet innan landbruks- og naturfag samt skog- og utmarksfag, er kvalifiserande for opptak med realkompetanse.
eller
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
Det blir stilt krav til dokumentert opplæring i bruk av motorsag. Dette kan eventuelt takast i første delen av fagskulestudiet.
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Meir informasjon om utdanninga
Kunnskap
Kandidaten:
- kjenner til fagområdets historie, tradisjonar og eigenart
- har kunnskap om aktuelt utstyr og teknikkar til bruk i treklatring og trepleiearbeid
- har kunnskap om trebiologi, vekstfaktorar og skadegjerarar
- har kunnskap om aktuell fagterminologi
- kjenner dei viktigaste grunnprinsippa for tilstandsvurdering, risikobedømming og økonomisk verdivurdering av tre
- har kunnskap om aktuelle tre for Norske tilhøve
- har kunnskap om etablering av tre på opne areal og i faste dekke
- har innsikt i regelverk og helse, miljø og tryggleik (HMT) som er knytt til treklatring og trepleiearbeid
- har kunnskap om bevaring og sikring av tre i bygge- og anleggsprosjekt
- Har naudsynt basiskunnskap for å følgje med på utviklinga innan arboristnæringa
- har innsikt i marknadsrelaterte oppgåver for bedrifter som arbeider innan fagfeltet
- har kunnskap om tre og kan bidra til god forvaltning og bruk av tre i offentlege anlegg
- har kunnskap om tre og deira tyding for biologisk mangfald og tre som økotenesteleverandør
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- anvende fagleg kunnskap og arbeide som fagleiande og utøvande arborister i privat og offentleg sektor
- utføre marknadsrelaterte oppgåver for bedrifter som arbeider innan fagfeltet
- bruke aktuelt utstyr og aktuelle teknikkar til å klatre og arbeide effektivt og sikkert i etablerte tre
- velje utstyr som er hensiktsmessig til ulike arbeidsoperasjonar med tre og kan kontrollere og bruke dette i høve regelverk og helse, miljø og tryggleik (HMT)
- anvende relevant skjeringsutstyr og tilhøyrande teknikkar ved alle aktuelle former for skjering av tre
- anvende relevant utstyr og tilhøyrande teknikkar for ordinære fellingsoppgåver, samt kontrollert nedrigging av tre i seksjonar
- anvende utstyr og tilhøyrande teknikkar for bardunering (kronesikring) av greiner og stammer
- utarbeide faglege rapportar og trevurderingar
- på bakgrunn av kunnskap og fagstoff/ fagleg informasjon finne gode faglege løysningar på oppdrag med tre
- kan kartlegge faglege problemstillingar av alle slag knytt til tre og foreslå tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten:
- forstår viktigheita av å følgje lover og reglar i faget og har høg fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)
- har ei etisk bevisstgjering overfor arborkulturfaget og overfor kunde og den bedrifta dei driv eller er tilsett i
- kan planleggje og gjennomføre alle typar oppdrag knytt til tre, overfor ulike kundar / oppdragsgivarar og i tråd med regelverk og avtaler
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan faget og bidra til utvikling av gode relasjonar mellom fag- og yrkesgrupper
- kan utvikle gode og hensiktsmessige arbeidsmetodar som grunnlag for godt utført trepleiearbeid overfor kundar og bedrifter