Fagskulen Vestland har starta studietilbod i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim.
For studieåret 2023-24 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som nett- og samlingsbasert studium.
Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år. Fagskulen Vestland er ansvarleg institusjon, men studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim.
Fyrste samling vert ved Sogn Jord - Og Hagebruksskule i Aurland i veke 39 frå 25-29 september.
Andre samling er og ved Sogn Jord - Og Hagebruksskule i Aurland i veke 45 frå 6-11 november.
Treng du overnatting? Ein kan overnatte på internatet på skulen, for meir informasjon kontakt sjh@vlfk.no. Om ein ikkje ynskjer å nytte seg av internatet kan ein og sjekke ut airbnb eller leige av hytter.
Det vert to samlingar i Trondheim ved THYF etter jul i veke 4 og 17.
Målgruppe for utdanninga
- Dei som driv eller er tilsette på handverksysteri/gardsysteri
- Dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre
- Produksjonsmedarbeidarar i meieriindustrien
Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
Praktisk informasjon om utdanninga
Utdanninga i Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling er på 60 studiepoeng. Årsstudiet går på deltid over to år og er nett- og samlingsbasert. Studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim. Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to åra, der kvar samling er på fire til fem dagar. I tillegg kjem eksamen.
Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet i undervisninga. Gjennom studiet vekslast det mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing. Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale.
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
Fagbrev:
• Ernæringskokk
• Ferskvarehandlar
• Gartnar
• Industriell matproduksjon
• Kokk
• Servitør
• Sjømatproduksjon
Sveinebrev:
• Baker
• Kjøttskjærer
• Konditor
• Pølsemakar
• Slaktar
Yrkeskompetanse: Agronom
• Naturbruk (studieforberedande) med vg2 landbruk og gartnar.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan første semester.
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.