Hopp til hovedinnhold

Helsefaglege utdanningar

Har du lyst på fagleg utvikling, nye utfordringar og auka kompetanse? Då er fagskuleutdanninga innan helse noko for deg. Fagskuleutdanninga er ei praktisk, yrkesretta og høgare utdanning som byggjer på relevant vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Tilboda er på deltid.

Helsefaglege utdanningar er for deg som liker å ha omsorg for menneske i alle aldrar, i ulike livsfasar og med ulike utfordringar.

 

Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Utdanninga skal gje deg høg yrkesetisk forståing og kompetanse til å ta initiativ til å organisere og sette i verk tiltak.

Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi

Studentane vil mellom anna få ei opplæring i rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi.

Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta

Utdanninga skal gi deg høg yrkesetisk standard og kompetanse til å ta initiativ til å planlegge, organisere og sette i verk tiltak i samarbeid med tenesteytarar og brukarar.

Velferdsteknologi i kommunane

Dette studiet er tverrfagleg, og skal gi eit felles fagleg grunnlag for studentar frå helse-, omsorgs- og velferdsyrka, men også frå teknologiyrka.

Bransjemodular - Velferdsteknologi - Helse

I samarbeid med Bergen kommune og Voss kommune tilbyr fagskulen tre bransjemodular for helsearbeidarar.