Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Hos oss får du kompetanse til å ta initiativ, organisere, og sette i verk tiltak i samråd med pasienten/brukaren, deira pårørande, medarbeidarar, og andre relevante grupper.
- Varigheit:
- 2 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 60 Fagskulegrad (kan takast som enkeltemne à 15 studiepoeng)
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studieplan:
- Studiestad:
- Bergen
Psykiske lidingar er ein viktig årsak til helsetap gjennom livet. Sentrale føringar og strategiar understrekar at vi skal legge til rette for eit samfunn som fremjar meistring, tilhøyrsle og oppleving av meining. Pasienten skal også ha innflytelse over eiga utgreiing og behandling. Opplæring og tilrettelegging for reel brukarmedverknad er viktig.
Mange barn og unge vil på eitt eller fleire tidspunkt i oppveksten oppleve å ha psykiske plagar og lidingar. God psykisk helse er ein viktig ressurs i oppvekst, utdanning og inn i livet som ung vaksen. Barnehagar og skular har ei viktig førebyggande rolle ved at dei skal bidra til at barn og unge opplever trivsel, meistring og inkludering.
Ruslidingar og psykiske lidingar påverkar kvarandre gjensidig og krev spesiell merksemd. Personar med ruslidingar og psykiske lidingar (ROP-lidingar) har moglegheit til betring av både symptom og livskvalitet dersom ein koordinerer utgreiing og behandling av begge lidingane.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Utdanninga i psykisk helsearbeid og rusarbeid kvalifiserer mellom anna til arbeid innan
kommunale helse- og omsorgstenester som til dømes bu- og omsorgssenter. Rehabiliteringssenter og aktivitetssenter i kultur- og oppvekstsektoren, som til dømes ungdomsklubbar, barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Arbeids- og velferdsforvaltninga, med til dømes oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak. Spesialisthelsetenesta, i til dømes tverrfaglege team og i behandlingsinstitusjonar som miljøarbeidarar.
Kompetansen er nyttig på alle nivå i helsetenesta og vil gje moglegheiter for nye ansvarsområde og arbeidsoppgåver.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng, som samla gir 60 studiepoeng. Det er eit deltidsstudium over to år, og blir gjennomført nettbasert med samlingar.
Det er høve til å ta einskildemna kvar for seg. Då kan man søke lokalt opptak på hvert emne underveis i studiet.
Arbeidsmåtane vil variere mellom digitale førelesingar, grupperefleksjonar, oppgåver, praksisnære case, workshop og rettleiing og erfaringsdeling med meir.
Samlingsplan
Politiattest og skikkavurdering
Alle helsefaglege utdanningar ved Fagskulen Vestland krev politiattest, jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §27. Politiattesten skal visast fram ved studiestart. Vi ber om at de ikkje sender inn politiattestar på epost, då dette kjem i konflikt med gjeldande lov om personvern.
Skulen gjennomfører skikketheitsvurderingar jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §26.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- ambulansefag
- barne- og ungdomsarbeidarfaget
- helsearbeidarfaget
- aktivitør
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Tilbod om samlingar på næraste studiestad
Studiet er digitalt med fysiske samlingar på Nordnes. Det er tilbod om å følgje samlingane digitalt frå din næraste studiestad, med vilkår om nok søkjarar som ønskjer å samlast på denne studiestaden. Vi har studiestadar i Bergen, Førde, Måløy, Stord, Austevoll, Voss og Hjeltnes.
OBS: I Samordna opptak står det at studiestaden er Nordnes.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no