Hopp til hovedinnhold

Hos oss får du kompetanse til å ta initiativ, organisere, og sette i verk tiltak i samråd med pasienten/brukaren, deira pårørande, medarbeidarar, og andre relevante grupper.

Studiestad:  Nordnes (sjå informasjon om oppmøte og samlingar nedanfor)
Utdanningsform: 
Nettbasert med samling, deltid
Studiepoeng: 
60
Studieplan: Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Neste studietart: September 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Samlingar på din næraste studiestad

Frå skuleåret 2024/2025 innfører vi ei ny ordning der du kan følge samlingane digitalt frå din næraste studiestad, med vilkår om nok søkarar som vil samlast på denne studiestaden. Vi har studiestadar i Bergen, Førde, Måløy, Stord, Austevoll, Voss og Hjeltnes.

OBS: I Samordna opptak står det at studiestaden er Nordnes.

Psykiske lidingar er ein viktig årsak til helsetap gjennom livet. Sentrale føringar og strategiar understrekar at vi skal legge til rette for eit samfunn som fremjar meistring, tilhøyrsle og oppleving av meining. Pasienten skal også ha innflytelse over eiga utgreiing og behandling. Opplæring og tilrettelegging for reel brukarmedverknad er viktig.

Mange barn og unge vil på eitt eller fleire tidspunkt i oppveksten oppleve å ha psykiske plagar og lidingar. God psykisk helse er ein viktig ressurs i oppvekst, utdanning og inn i livet som ung vaksen. Barnehagar og skular har ei viktig førebyggande rolle ved at dei skal bidra til at barn og unge opplever trivsel, meistring og inkludering.

Ruslidingar og psykiske lidingar påverkar kvarandre gjensidig og krev spesiell merksemd. Personar med ruslidingar og psykiske lidingar (ROP-lidingar) har moglegheit til betring av både symptom og livskvalitet dersom ein koordinerer utgreiing og behandling av begge lidingane.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Utdanninga i psykisk helsearbeid og rusarbeid kvalifiserer mellom anna til arbeid innan
kommunale helse- og omsorgstenester som til dømes bu- og omsorgssenter. Rehabiliteringssenter og aktivitetssenter i kultur- og oppvekstsektoren, som til dømes ungdomsklubbar, barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Arbeids- og velferdsforvaltninga, med til dømes oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak. Spesialisthelsetenesta, i til dømes tverrfaglege team og i behandlingsinstitusjonar som miljøarbeidarar.

Kompetansen er nyttig på alle nivå i helsetenesta og vil gje moglegheiter for nye ansvarsområde og arbeidsoppgåver.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet gir 60 studiepoeng og er nettbasert med samlingar over to år. 

Studiet er bygd opp av seks emne, der emne fem er praksis og emne seks er ei fordjupningsoppgåve.

Emne 1-4 har om lag ei samling per veke. Saman med forventa sjølvstudium er venta tidsbruk om lag 20 timar i veka for desse emna.

Etter vel eitt år med teori, avsluttar utdanninga med ti veker relevant praksis på fulltid og ei fordjupingsoppgåve. I samband med fordjupningsoppgåva er det to samlingsdagar for rettleiing.

Det er viktig at du er budd til undervisningsdagane og har nytta lærestoffet som er presentert eller lagt ut på læringsplattforma i forkant av samlingane.Gruppearbeid er ei viktig arbeidsform på studiet.

Politiattest og skikkavurdering

Alle helsefaglege utdanningar ved Fagskulen Vestland krev politiattest, jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §27. Politiattesten skal visast fram ved studiestart. Vi ber om at de ikkje sender inn politiattestar på epost, då dette kjem i konflikt med gjeldande lov om personvern. 

Skulen gjennomfører skikketheitsvurderingar jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §26.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • ambulansefag
    • barne- og ungdomsarbeidarfaget
    • helsearbeidarfaget
    • aktivitør
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. 

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Last ned skjema for eigenvurdering av realkompetanse her.

Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her