Hopp til hovedinnhold

Utdanninga skal gi deg høg yrkesetisk standard og kompetanse til å ta initiativ til å planlegge, organisere og sette i verk tiltak i samarbeid med tenesteytarar og brukarar. Du skal i studietida tileigne deg breiddekompetanse innan sterilforsyning og spesialreinhald både på individnivå og systemnivå.

Studiet har ikkje opptak i 2024.

Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: 
nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 
60

Sterilforsyning handlar om pasientsikkerheit. Utdanninga skal kvalifisere yrkesutøvarar til å meistre reinhald og spesialreinhald av lokale, instrument og utstyr, og gjennom dette også ha kompetanse i korleis smittevegar kan brytast, smittespreiing hindrast og sterilforsyning sikrast. Utdanninga krev at studenten forstår verdien av teamarbeid og også eigen funksjon i det pasientretta arbeidet.

Praktisk informasjon om utdanninga

Studiet er på 60 studiepoeng, fordelt over 2 år med undervisning i snitt 1 dag i veka på skulen. I tillegg er det nettstøtta opplæring. I tillegg er det nettstøtta opplæring (ein vil da til saman måtte medrekne ca 20 timar i veka til skulearbeid). Etter vel 1 år med teori, avsluttar utdanninga med 10 veker relevant praksis på fulltid og fordjupingsoppgåve. 

Oppstart hausten 2023: 

Undervisninga tek til i veke 37. Det vert undervisning på Nordnes tirsdag, onsdag og torsdag denne veka frå klokka 09:00. Studentar ved studiestad Førde følger under visninga digitalt. Det vert vidare fast undervisningsdag på tirsdager. 

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller yrkesvitnemål. 

Relevante fagbrev / yrkeskompetanse er:

  • Ambulansefag 
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfaget
  • Apotekteknikk 
  • Fotterapi 
  • Helsearbeidarfaget 
  • Helsesekretær 
  • Hudpleie
  • Ortopediteknikkfaget
  • Portørfaget
  • Reinhaldsoperatørfaget
  • Tannhelsesekretær

 

Vitnemål som hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar kvalifiserer til opptaket.

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.

Alle helsefaglege utdanningar ved Fagskulen Vestland krev politiattest, jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §27. Politiattesten skal visast fram ved studiestart. Vi ber om at de ikkje sender inn politiattestar på epost, då dette kjem i konflikt med gjeldande lov om personvern. 

Skulen gjennomfører skikketheitsvurderingar jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) §26.

Studiestad Nordnes Bergen

Studieplan 2023-2025

Litteraturliste ligg i studieplanen.