Skreddarsydde KI-system
Lær å utvikle og bruke KI-løysingar som gir verdi frå dag éin – tilpassa norske forhold og dine behov. Dette nettbaserte studiet gir 5 studiepoeng og er lagt opp for deg med ein travel kvardag. Utdanninga er gratis.
- Varigheit:
- Eitt semester
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- 28. januar 2025
- Studiestad:
- Førde
Løpande opptak. Du finn samlingsplanar lenger nede på sida.
Kunstig intelligens i praksis - frå visjon til nytteverdi
Vil du bruke kunstig intelligens (KI) til å skape konkret verdi i arbeidskvardagen? Denne nettbaserte utdanninga gir deg både forståing og praktiske ferdigheiter i korleis KI kan støtte læring, endring, problemløysing og kreativ utvikling i dagens arbeidsprosessar.
Du lærer ikkje berre om KI – du lærer å utvikle, tilpasse og ta i bruk løysingar som fungerer i di verksemd. Du får konkrete verktøy til å møte både dagens og framtidas krav - enten det handlar om å bygge interne erfaringsdatabasar, effektivisere anbodsprosessar, automatisere manuelle oppgåver eller drive fram innovasjon.
Meir om studiet
Samspel mellom KI og menneskeleg intelligens
Eit sentralt fokus i utdanninga er korleis KI og menneskeleg intelligens kan utfylle kvarandre. Du lærer korleis KI kan forsterke menneskelege evner – ikkje erstatte dei. Målet er å utvikle løysingar som gjer fagleg innsikt, erfaring og vurderingsevne endå meir verdifulle.
EU eller USA?
Ein viktig del av utdanninga er å bruke KI på ein trygg, ansvarleg og lovleg måte. Du lærer korleis plattformer som OpenAI og Mistral.ai fungerer:
- OpenAI er ein USA-basert leverandør
- Mistral.ai er ein aktør basert i EU
Du får innsikt i korleis desse plattformene handterer data, og korleis du byggjer ein bot som behandlar informasjon sikkert, ivaretek personvern og sikrar at verksemda følgjer gjeldande lover, standardar og interne retningslinjer.
Val av språkmodellar og bruk av lokal KI
Du får også innsikt i korleis du vel rett språkmodell til rett oppgåve – ein nøkkelkompetanse i dagens KI-arbeid. Vi jobbar med både store, skybaserte språkmodellar og lokal kunstig intelligens.
Du lærer korleis lokal KI gir betre kontroll, lågare kostnader, høgare datasikkerheit og moglegheit for å køyre KI på eiga maskinvare eller interne serverar. Samtidig får du forståing for når det er mest hensiktsmessig å nytte store, skybaserte modellar – og korleis desse kan kombinerast for å skape robuste og skalerbare løysingar.
Nettbasert og praksisnær
Utdanninga gir 5 studiepoeng, er reint nettbasert og utvikla for å passe inn i ein travel arbeidskvardag. Du jobbar med reelle problemstillingar frå eigen arbeidsplass og utviklar eigne KI-løysingar undervegs – slik at du sit igjen med kompetanse som gir direkte nytteverdi for di bedrift.
Eit studium på 5 studiepoeng blir rekna som 125 timars arbeid. Dette inkluderer forelesingar, seminar, sjølvstudium og eksamensførebuingar.
Målgruppe
Målgruppa for denne utdanninga inkluderer rådgivarar, prosjekt- og byggjeleiarar, tekniske entreprenørar, leverandørar, samt drifts- og vedlikehaldsleiarar. Ho rettar seg også mot montørar, VVS-teknikarar, elektroingeniørar og saksbehandlarar som arbeider med tekniske fag i byggje- og anleggssektoren. I tillegg er utdanninga relevant for fagfolk innan fornybar energi, som sol- og vindkraft, som ønskjer å setje i verk kunstig intelligens (KI) i sine arbeidsprosessar for å fremje berekraftige løysingar.
Vurderingsform
- Presentasjonsmappe med fire læringsnotat, fire quizar og ei fagleg oppgåve.
- Vurdering med bestått/ikkje bestått av faglærar.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikarfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervasssoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekanikarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- maritim elektrikarfaget Vg4
- produksjonselektronikarfaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
- viklarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse. Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande. Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Kostnader
Denne utdanninga er gratis.
Du må likevel pårekne ca. 1000 kroner for blant anna å opprette eige domene og webhotell.
Industriens kompetansefond
Dette studiet er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Det betyr at bedrifter som er medlem i Norsk Industri kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker for tilsette som deltek i og gjennomfører tilbodet.
Les om Industriens kompetansefond og korleis du søker støtte her
Ein treng sjølvsagt ikkje vere omfatta av ein tariffavtale for å ta dette studiet.
Samlingsplan for gruppe A Nettbasert som startar 28. januar 2026
|
Oppstart |
Onsdag 28. januar 2026 |
Kl. 17:00 – 19:00 |
|
Rettleiing |
Onsdag 11. februar 2026 |
Kl. 17:00 – 19:00 |
|
Rettleiing |
Onsdag 25. februar 2026 |
Kl. 17:00 – 19:00 |
|
Rettleiing |
Onsdag 11. mars 2026 |
Kl. 17:00 – 19:00 |
|
Rettleiing |
Onsdag 25. mars 2026 |
Kl. 17:00 – 19:00 |
|
Frist for innlevering mapper |
Onsdag 15. april 2026 |
Kl. 23:59 |
Samlingsplan for gruppa som startar i november 2025
Samlingsplan nettbasert Gruppe D
| Oppstart | 25. november | Kl. 17:00 - 19:00 |
| Rettleiing | 16. desember | Kl. 17:00 - 19:00 |
| Rettleiing | 6. januar | Kl. 17:00 - 19:00 |
| Rettleiing | 27. januar | Kl. 17:00 - 19:00 |
| Rettleiing | 17. februar | Kl. 17:00 - 19:00 |
I tillegg til samlingsplanen blir det rettleiing individuelt eller i grupper, slik at du får målretta læring tilpassa dine behov. Stipulert tidsbruk er 125 timar på ei utdanning på 5 studiepoeng.
Frist for innlevering 16. mars 2026 (mappene blir lukka).
Samlingsplanar for gruppene som starta i september 2025
Bergen - oppstart 8. september 2025
|
Oppstart |
8. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
29. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
20. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Fysisk samling |
10. nov. |
Kl. 10:00 – 17:00 |
Nordnes |
|
Rettleiing |
1. des. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026. |
|||
Nordfjordeid - oppstart 9. september 2025
|
Oppstart |
9. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
30. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
21. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Fysisk samling |
11. nov. |
Kl. 10:00 – 17:00 |
Nordfjordeid |
|
Rettleiing |
2. des. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026. |
|||
Nettbasert 1 (B) - oppstart 15. september 2025
|
Oppstart |
15. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
6. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
27. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
17. nov. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
8. des. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026. |
|||
Nettbasert 2 (A) - oppstart 16. september 2025
|
Oppstart |
16. sept. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
7. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
28. okt. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
18. nov. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Rettleiing |
9. des. |
Kl. 17:00 |
Nett |
|
Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026. |
|||
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no