Hopp til hovedinnhold

Leiing i havbruksoperasjonar - Måløy

Ein mann som skriv på ei tavle

Utdanninga «Leiing i havbruksoperasjonar» skal utdanne personell på leiingsnivå til sjøbasert servicenæring. Utdanninga skal bidra til ein auka formalkvalifikasjon, der leiing, sikkerheit og fiskevelferd er sentrale områder i opplæringa.

Studiestad: Måløy 
Utdanningsform:
Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng:
60

Utdanninga skal sikre tilgang til kvalifisert arbeidskraft til ei sjømatnæringa i sterk
vekst, der næringa sjølv peiker på heilheitleg kompetanse, og der spesielt leiing av
arbeidsoperasjonar er eit kjernepunkt.
Utdanninga er retta mot mellomleiar- og leiingsnivået. Kandidaten skal kunne leie operasjonar utført i tilknyting til sjøbaserte akvakulturanlegg, med servicebåtar eller andre mobile installasjonar som for eksempel avlusingsflåtar. 

Etter avslutta studie skal studentane ha kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer dei i stand til å gjennomføre og leie havbruksoperasjonar på ein sikker måte i samsvar til lover, regelverk og anerkjente prinsipp.

Organisering av utdanninga utdanninga

Studiet gir 60 studiepoeng og er nettbasert med samlingar over 2 år. Det er samlingar på til saman 240 timer med 5 samlingar à 3 dagar pr år.

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

Akvakulturfaget
Fiske og fangst
Havbruksteknikkfaget
Sjømatproduksjon

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.