Hopp til hovedinnhold

Maritime utdanningar

Ein sekstant liggande på eit kart

Fagskulen Vestland tilbyr 2-årig dekks- og maskinoffiserutdanning på tre ulike studiestadar. Du kan studere til dekksoffiser på Austevoll, Bergen eller Måløy. Maskinofffiser kan du studere til i Bergen eller Måløy. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning.

Fagskulen Vestland bruker moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator, radiosimulator m.m.

 

Utdanninga gir fagkompetanse som dekksoffiser (styrmann) eller maskinoffiser (maskinist). Du tileignar deg all teorien som trengs for å løyse sertifikat på høgste nivå (D1/M1), nasjonalt og internasjonalt. Etter endt skulegang er det kadettid og ytterlegare fartstid som avgjer kva nivå du endar på. 

Utdanninga er over to år, gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse. Du kan søkje vidare på høgskule om du vil byggje på til maritim bachelorutdanning. Dette er felles for alle dei maritime fagskulane. 

Studiet er godkjend av Sjøfartsdirektoratet, NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen)  og sertifisert av DNV-GL.

NUTF (Nasjonalt Utvalg for Teknisk Fagskole) har godkjent nye fagplaner for skipsoffiserutdanninga, der opplæringa blir gitt på to nivå, operativt nivå og leiarnivå, som dekkjer maskinoffisersertifikat klasse 4, 3, 2 og 1 eller dekksoffisersertifikat klasse 5, 4, 3, 2 og 1.

Det generelle kravet for opptak til 2-årig maritim fagskule er:


a)  Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev. Fagbrev som fiskar og matros til dekksoffiser. Fagbrev som motormann til maskinoffiser.
b)  Relevant praksis uten fagbrev, med realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarande læreplanane i Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studier.
c)   Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen.

Spesielle opptakskrav
Søkjarar til maritim utdanning må dokumentere greidd grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).

Mål og innhald i studiet

Målet for utdanninga byggjer på krav til kompetanse, kunnskap og forståing, haldningar og dugleik, slik det er definert i STCW; tabell A-II/I, AII/2og A-II/3 (dekksoffiser) og tabell A-III/I, A-III/2 og A-II/3 (maksinoffiser). STCW er minimumskravet og styrande for innhaldet i studiet. For meir informasjon viser vi til gjeldande studieplaner. 

Maritim utdanning ved Fagskulen Vestland blir kvalitetssikra gjennom skulen sitt kvalitetssystem, som er sertifisert av DNV etter reglane om sertifisering av maritime akademier (Rules for the Certification of Maritime Academies), med bakgrunn i krav frå Sjøfartsdirektoratet, NOKUT og IMO.

Sertifikatkrav


Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat.

Søknad


Du søker inntak til Fagskulen på www.samordnaopptak.no innan 15. april 2023.

Etter 15. april kan du søkje på ledige studieplassar på samordna opptak. 

Dekksoffiser på leiingsnivå - Austevoll, Måløy og Nygård Bergen

Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav.

Maskinoffiser på leiingsnivå - Måløy og Nygård Bergen

Utdanning til maskinoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste maskinoffisersertifikat (M1) etter gjeldande krav.