Hopp til hovedinnhold

Dekksoffiser på leiingsnivå - Austevoll, Måløy og Nygård Bergen

Studentar i ein skipssimulator

Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skoleår.

Studiestad: Austevoll, Måløy eller Nygård
Utdanningsform:
Stadbasert, heiltid
Studiepoeng: 
120

Frå og med hausten 2020 er det gjort endringar i dekkoffiser utdanninga, dette er felles for alle dei maritime fagskulane. Endringane har ført til at det no er ei 2-årig gjennomgåande utdanning, det er ikkje lenger mogleg å avslutte utdanninga etter fyrste år.

Informasjon om utdanninga

Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).

 

Alle søkjere må ha bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.

Du kan søke opptak på grunnlag av:

1. fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

2. Realkompetanse

3. videregående utdanning frå eit anna land som oppfyller gitte vilkår

Relevante fagbrev er:

  • Fiske og fangst
  • Matrosfaget

 

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

Du skal dokumentere:

  • Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (matros eller fiske og fangst). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verksted, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.

  • For opptak til dekksoffiserutdanningen må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 30 måneder relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).

  • Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

  • Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak