Utdanning til maskinoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste maskinoffisersertifikat (M1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skoleår.
Studiestad: Måløy eller Nygård
Utdanningsform: Stadbasert, heiltid
Studiepoeng: 120
Frå og med hausten 2020 er det gjort endringar i maskinoffisersutdanninga, dette er felles for alle dei maritime fagskulane. Endringane har ført til at det no er ei 2-årig gjennomgåande utdanning, det er ikkje lenger mogleg å avslutte utdanninga etter fyrste år.
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som maskininst, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).
Alle søkjere må ha bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.
Du kan søkje opptak til utdanninga på bakgrunn av:
1. fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Motormannfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve innan 1. semester.
2. Realkompetanse
Du må dokumentere:
- Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (motormann). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verksted, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.
- For opptak til maskinoffiserutdanninga må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 24 månader relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).
- Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
- Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
3: Utdanning frå eit anna land
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak