Petroleumstekniske utdanningar

Oljeplattform

Utdanning innan petroleumstekniske fag gir generell fagkompetanse som kvalifiserer til arbeid på operasjonelt leiarnivå som petroleumsfagskoleingeniør offshore eller på land.

Vi tilbyr to ulike toårige utdanningar innan petroleumstekniske fag som gir studentane ein praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse både på land og offshore.

Jobbmoglegheiter
Utdanningane kvalifiserer til stillingar som drillar og leiarstillingar innan boring og subsea.

Kva tittel får ein etter fullført fagskole?
Etter toårig fagskole innan petroleumstekniske utdanningar er ein petroleumsfagskoleingeniør.

Sjå vår brosjyre for meir informasjon og søk studieplass på Samordna opptak

Boring - Nygård Bergen

Utdanning går djupare ned i fasane i boreoperasjonen i olje- og gassbrønnar for å tilfredsstille krav til teoretisk opplæring som borer og boresjef.

Havbunnsinstallasjoner - Nygård Bergen

Havbunnsinstallasjoner er ei utdanning som omfattar utstyr og operasjonar som inngår i arbeidet for å bore, installere og vedlikehalde havbotnbrønnar.