Fordjupingsområdet anlegg gjev deg opplæring i anleggskonstruksjonar, anleggsdrift, byggeplassleiing, landmåling, betong- og stålteknologi, fjellarbeid, kommunalteknikk og geoteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde.

For studieåret 2022-23 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som heiltidstudium og som nettbasert studium.
Søk studieplass på Samordna Opptak
Sjå
informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.

Utdanninga passer for/målgruppe

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike anlegsfag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller deg som har leiarambisjonar.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.

Praktisk informasjon om utdanninga

Dette studiet er enten to-årig heiltid eller to-årig samlingsbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Opptakskrav

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

Anleggsmaskinførarfaget
Asfaltfaget
Banemontørfaget
Betongfaget
Byggdriftarfaget
Feiarfaget
Fjell- og bergverksfaget
Glasfaget
Industrimålarfaget
Isolatørfaget
Limtreproduksjonsfaget
Målarfaget
Murarfaget
Reinhaldsoperatørfaget
Røyrleggjarfaget
Steinfaget
Stillasbyggjarfaget
Tak- og membrantekkjarfaget
Trelastfaget
Trevare- og bygginnreiingsfaget
Tømrarfaget
Veg- og anleggsfaget
Ventilasjons- og blekkslagarfaget

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

eller

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

Meir informasjon om utdanninga

Studieplan

Studiestad Førde

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om omgrep og teori som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geomatikk og HMT
  • har kunnskap om digitale og analoge verktøy som blir nytta i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
  • har kunnskap om dei ulike prosessane som går føre seg i eit anleggsprosjekt og korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt
  • har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til gjeldande Norsk Standard, lover og regelverk i anleggsbransjen
  • har kunnskap om anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med bakgrunn i dette leie og følgje opp eit anleggsprosjekt når det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT
  • har kunnskap om dei ulike byggjemateriala sine eigenskapar, og kan dimensjonere enkle stål- og betongkonstruksjonar
  • kan oppdatere sin kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan anleggsfaget
  • har kunnskap om metodar og løysingar for anleggsarbeid i fjell og jord, som til dømes planlegging og bygging av undergrunns- og fjellanlegg, vegar, vatn og avløp
  • har innsikt i utviklinga innan bygge- og anleggsfaget
  • har kjennskap til relaterte bransjar

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjere greie for val av materiale og metodar for utføring etter gjeldande lover og forskrifter i bygge[1]og anleggsbransjen
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll, og kan justere denne under rettleiing
  • har ferdigheiter i å reflektere over eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen der HMT og kvalitetssikring har ein naturleg og viktig plass
  • kan gjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • har ferdigheiter i å finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for faget
  • har ferdigheiter i å kartlegge bygge- eller anleggsplassen og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å setje i verk tiltak.
  • har ferdigheiter i å administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølgjing og HMT

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan prosjektere og utføre bygge- og anleggsprosjekt og oppgåver innan faget som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer til riktig utført arbeid, og etter gjeldande lover, regelverk og standardar
  • kan komme med bidrag til diskusjonar som gjeld utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med samarbeidande bransjar
  • kan utveksle synspunkt med andre innan bransjen, eller relaterte bransjar og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og fungerande bygg og anlegg
  • kan bidra til å utvikle organisasjonen saman med kollegaer i bedrifta og i samarbeidande bransjar