Hopp til hovedinnhold

Vil du jobbe i ein stor og samfunnsnyttig bransje og lære å berekne, planleggje og koordinere produksjon, innkjøp og personressursar i nye byggeprosjekt og ved restaurering? Då vil anlegg vere ei spennande utdanning for deg. Anleggsutdanninga omfattar også landmåling/geomatikk og kommunalteknikk, anbod og kalkulasjon, geoteknikk, fjellarbeid, anleggsdrift og prosjektstyring.


Studiestad: Voss
Utdanningsform:
nettbasert med samlingar
Studiepoeng:
120

Som fagskoleingeniør med fordjuping i anlegg og relevant praksis er ein kvalifisert for stillingar som entreprenør, konsulent, byggeleiar/anleggsleiar, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, stikningsteknikar, faglærar eller til å starte eiga bedrift.

Organisering av utdanninga

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til 2 år på fulltid. Fagskulen tilbyr studiet anlegg som eit nettbasert studium med samlinger over 3 skuleår på studiestad Voss. Det er 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Samlingane på skule vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.

Du kan søkje opptak på grunnlag av:

1 Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Asfaltfaget
  • Anleggsgartnerfaget
  • Banemontørfaget
  • Betongfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Murarfaget
  • Røyrleggjarfaget
  • Steinfaget
  • Tømrarfaget
  • Veg- og anleggsfaget

 NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

3: Utdanning frå eit anna land:

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.