Hopp til hovedinnhold

Automatisering - Nordnes Bergen

Studentar som styrer ein robot

I store delar av industrien, både landbasert og offshore, er behovet for teknikarar med kompetanse på automatisering stort. Alt frå dagleg drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, til utvikling og forsking på fagområdet, inngår i kvardagen til ein automatiseringsteknikar.

Studiestad: Nordnes
Utdanningsform:
nettbasert med samlingar
Studiepoeng:
120

Utdanninga er veldig tverrfagleg og automatisering er en del av dei fleste bransjar derfor er ein fagskoleingeniør innan automatisering kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel, automatiseringsleiar, innan planlegging, service og sal, innan olje/prosessindustri, elektromekanisk og elektrisk industri og byggautomatisering. I tillegg til dei nemne kvalifiserer utdanninga også for å bli faglærar i vidaregåande opplæring.

Informasjon om utdanninga

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid.
Fagskulen tilbyr eit treårig nettbasert studium med samlinger i automatisering.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skoleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt. Automatiseringsstudiet har laboratorieøving i alle fordjupings- og linjefag.

Du kan søkje opptak på bakgrunn av følgjande:

1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

  • Automatiseringsfaget
  • Avionikerfaget
  • CNC maskineringsfaget
  • Dataelektronikarfaget
  • Elektrikarfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energimontørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Fjernstyrte undervannsoperasjonar
  • Flymotormekanikarfaget
  • Flystrukturmekanikarfaget
  • Flysystemmekanikarfaget
  • Heismontørfaget
  • Industrimekanikar
  • Industrirøyrleggjarfaget
  • Industrisaumfaget
  • Kulde- og varmepumpemontørfaget
  • Låsesmedfaget
  • Maritim elektrikarfaget 
  • Produksjonselektronikar
  • Romteknologi
  • Signalmontørfaget
  • Tavlemontørfaget
  • Telekommunikasjonsmontør 
  • Togelektrikarfaget
  • Ventilasjonsteknikkfaget
  • Viklarfaget
  • Viklar- og transformatormontørfaget

 

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass

3: Utdanning frå eit anna land

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.