Hopp til hovedinnhold

Bygningsautomatisering - Industriautomatisering - Internet of Things. Studiet kan gjennomførast uansett kvar studentane bur i landet, og er tilpassa studentar som er i jobb og/eller har ansvar for eigen familie.


Studiestad: Førde
Utdanningsform:
nettbasert med samlingar
Studiepoeng:
120

Undervisninga bygger på praksis forankra i teori. Det betyr at studenten blir møtt med «case» frå næringslivet som dei kjenner seg igjen i. På den måten blir undervisinga tilpassa studentane sitt behov. Undervisninga er ikkje basert på «streaming». Den er bygd opp med to-vegs dialog mellom lærar og student. Undervisninga blir i mange samanhengar meir effektiv enn i eit klasserom.

Studiet er tilpassa næringslivet. Eit fagråd beståande av næringslivsrepresentantar har gitt klare råd om innhaldet i utdanninga. På denne måten er studiet til ei kvar tid oppdatert. Studiet er modulbasert, og modulane kan gjennomførast som einskildkurs for bedrifter.

Organisering av utdanninga

Dette studiet er samlingsbasert over tre år. Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

 

Opptak

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

Automatiseringsfaget
Avionikarfaget
Dataelektronikarfaget
Elektrikarfaget
Elektroreparatørfaget
Energimontørfaget
Energioperatørfaget
Fjernstyrte undervasssoperasjonar
Flymotormekanikarfaget
Flystrukturmekanikarfaget
Flysystemmekanikarfaget
Heismontørfaget
Kulde- og varmepumpemontørfaget
Maritim elektrikarfaget Vg4
Produksjonselektronikarfaget
Signalmontørfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget
Togelektrikarfaget
Viklar- og transformatormontørfaget
Viklarfaget

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.