Behovet for digital kompetanse i alle delar av samfunnet er aukande. Etterspurnaden etter BIM-teknikar (Bygnings Informasjons Modellering) som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar er stor. BIM-teknikaren må kunne orientere seg i ein tverrfagleg kvardag, samtidig som ho/han kan utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt.  Utdanninga er eitt-årig, men vert tilbydd som deltid over to år, totalt 60 studiepoeng.

For studieåret 2022-23 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som nettbasert studium.
Søk studieplass på Samordna Opptak
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.

Utdanninga passer for/målgruppe

Utdanninga passer for deg som har fagbrev innan bygg og anlegg eller innan tekniske installasjonar. Du vil jobbe med modellering av bygg eller koordinering av prosessar ved hjelp av BIM-modellar. Den vil og passe for dei som skal leie byggeprosjekt gjennom BIM-modellar.

Yrkestittelen BIM-teknikar gir deg svært gode jobbmoglegheiter hos større entreprenørar, rådgivarar, programvareleverandørar, arkitektfirma, ferdighus-fabrikantar og i undervisningssektoren.

Fordjuping gir kompetanse til å modellere med 3D-modelleringsprogram. Ein haustar bl.a. planteikningar, snitt-teikningar, fasadeteikningar, mengder og 3D-visualisering av modellane. Ulike modellar baserte på ulike modelleringsprogram blir samanlikna i ein modellsjekkar for å unngå kollisjonar og sørge for effektiv og sikker planlegging og bygging.

Praktisk informasjon om utdanninga

Dette studiet er eitt-årig nettbasert over to år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår nettbasert er slik: Ni nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju og ein halv time undervisning pr. dag.

Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak er at søkjar skal ha
fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

eller

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

Meir informasjon om utdanninga

Studieplan

Studiestad Førde

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om arbeidsprosessar i BIM-prosjekt som samprosjektering
  • har kunnskap om digital modellering, koordineringsmøte og digital samhandling gjennom først og fremst open BIM
  • har innsikt og kjennskap til norske standardar og kontraktsformer i tillegg til krav til detaljeringsnivå og kvalitet i digitale modellar
  • har kunnskap om bygg- og anleggsbransjen og samspelet mellom de ulike aktørane i bransjen
  • har kunnskap om styringsdokument for digital samhandling i ein bygg- og anleggsprosess
  • har kunnskap om teikne- og modelleringsprogram og tredjeparts programvare som handsamar BIMmodellar
  • kan oppdatere eigen kunnskap innanfor BIM i høve til både teknologisk utvikling, programvarer og arbeidsprosessar
  • har innsikt i kva for rolle BIM har i verdikjeden i eit bygg- og anleggsprosjekt

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke BIM-program til digital modellering innanfor bygningskonstruksjon, infrastruktur og teknisk installasjon
  • kan bruke BIM-fagleg kunnskap for å løyse oppgåver innan digital samhandling, løyse problem som oppstår ved bruk av BIM-program, velje rett program for rett bruk og handle digitalt saman gjennom først og fremst opne BIM-format
  • kan lage visuelle rapportar med ulike digitale verktøy som er eigna til presentasjon på koordineringsmøte
  • kan bruke ulike BIM-verktøy for å hauste relevante teikningar ut frå digitale modellar, og gjere utrekning av mengder og kollisjonskontrollar ut frå modellane
  • kan bruke ulike BIM-verktøy for å legge til informasjon i digitale objekt og utbetre digitale modellar med relevant informasjon
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevante for ei BIM-fagleg problemstilling ved bruk av nettbaserte kunnskapssystem, nettforum, faglege nettverk og bransjeorganisasjonar
  • kan bruke BIM-fagleg kunnskap for å koordinere digital modellering og kontroll i eit bygg- og anleggsprosjekt
  • kan kartlegge ein situasjon der det blir brukt BIM-modellar for å gi råd om rasjonell bruk av BIMmetodar og problemløysing i prosjekt
  • kan bruke styringsdokument for praktisk samarbeid med digitale verktøy i ein bygg- og anleggsprosess

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • bidrar som BIM-koordinator til færre feil, mindre svinn og auka berekraft i bygg- og anleggsprosessane
  • kan utføre roller som BIM-koordinator, BIM-teknikar, BIM fagmodellansvarleg
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i framferd i høve kundar og samarbeidspartnarar