Byggebransjen er ein stor og viktig samfunnsmessig bransje. Utviklinga innan bygg skjer i høgt tempo. Næringslivet har med andre ord stadig behov for nye fagskoleingeniørar som kan berekne, planleggje og koordinere. Dette er ei spennande utdanning innanfor eit fagområde som samfunnet og næringslivet har stor behov for.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: Heiltid eller nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Som fagskuleingeniør innan bygg kommer du til å jobbe med produksjon, innkjøp og personressursar. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleingeniør er hovudsakeleg innan entreprenørverksemd, kommunalteknikk og eigne bedrifter. Etter fullført studium er ein kvalifisert for stillingar som byggleiar, konstruktør, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, faglærar eller til å starte eiga bedrift. Fullført studium kan også brukas i en Bachelorgrad ved enkelte høgskular.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1:Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Anleggsmaskinfører
- Asfaltfaget
- Banemontør
- Byggdrifterfaget
- Betongfag
- Feierfaget
- Fjell- og bergverksfaget
- Glassfaget
- Industrimalerfaget
- Isolatørfaget
- Limtreproduksjonsfaget
- Malerfaget
- Murerfagt
- Rørleggerfaget
- Steinfaget
- Stillasbyggerfaget
- Tak- og membrantekkerfaget
- Trevare og bygginnregningsfaget
- Trelastfaget
- Tømrerfaget
- Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
- Veg- og anleggsfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land:
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.