Fordjupingsområdet bygg gjev deg opplæring i BIM, bygningsfysikk, byggeplassleiing, landmåling, tre-, betong- og stålteknologi og FDV. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lover og regelverk for bygg- og anleggsbransjen. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde.

For studieåret 2022-23 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som heiltidstudium og som nettbasert studium.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.

 

Utdanninga passer for/målgruppe

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vidaregåande, (tidlegare yrkesskulen), deg som har arbeidd innanfor ulike byggfag og som no ynskjer meir formell kompetanse og deg som har leiarambisjonar.

Det er stort underskot på denne typen arbeidskraft. Etterspurnaden etter folk med teknisk bakgrunn frå fagskule er stor og er forventa å auke ytterlegare dei nærmaste åra.

Praktisk informasjon om utdanninga

Dette studiet er enten to-årig heiltid eller to-årig samlingsbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Opptakskrav

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

Anleggsmaskinførarfaget
Asfaltfaget
Banemontørfaget
Betongfaget
Byggdriftarfaget
Feiarfaget
Fjell- og bergverksfaget
Glasfaget
Industrimålarfaget
Isolatørfaget
Limtreproduksjonsfaget
Målarfaget
Murarfaget
Reinhaldsoperatørfaget
Røyrleggjarfaget
Steinfaget
Stillasbyggjarfaget
Tak- og membrantekkjarfaget
Trelastfaget
Trevare- og bygginnreiingsfaget
Tømrarfaget
Veg- og anleggsfaget
Ventilasjons- og blekkslagarfaget

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

eller

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

Meir informasjon om utdanninga:

Studieplan

Studiestad Førde

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om omgrep og teoriar som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geomatikk og HMT
  • har kunnskap om digitale og analoge verktøy som vert nytta i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
  • har kunnskap om dei ulike prosessane som går føre seg i eit bygge- eller anleggsprosjekt og grensesjikt til andre bransjar som elektro og vvs
  • har kunnskap om korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt
  • har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til lover, forskrifter og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  • har kunnskap om bygge- og anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med denne bakgrunn leie og følgje opp eit bygge- eller anleggsprosjekt når det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT
  • har kunnskap om ulike bygningsmateriale sine eigenskapar, og kan utføre berekningar på konstruksjonar av tre, stål og betong
  • kan oppdatere kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan bygg og anlegg ved å delta på aktuelle kurs og å følgje med i fagmiljøet og fagtidskrifter
  • har kunnskap om bygge- og anleggsbransjens historie og tradisjonelle byggemetodar, verktøy og materiale, som er naudsynt ved arbeid på eller ved verneverdige bygg eller anlegg
  • har innsikt i moglegheiter for fagleg utvikling innan bygge- og anleggsfaget

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjere greie for val av materialer og metodar for utføring etter gjeldande lover, forskrifter og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll av bygningskonstruksjonar, og kan justere eige arbeid under rettleiing
  • kan reflektere over HMT, kvalitetssikring og eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen
  • kan gjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • kan finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for byggeprosjekt
  • kan kartlegge ein bygge- eller anleggsplass og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å setje i verk tiltak
  • kan administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølging og HMT

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan prosjektere og utføre byggeprosjekt både som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med gjeldande lover, forskrifter, regelverk og etiske krav i byggebransjen
  • kan utveksle synspunkt med andre innan bransjen, eller samarbeidande bransjar, og delta i diskusjonar
  • om utvikling av god praksis i oppføring av varige og velfungerande bygg og anlegg
  • kan bidra til å utvikle prosedyrer og kvalitetssystem for ein bedrift innan byggenæringa
  • kan brukast som mellomledd mellom leiarar og arbeidarar ved å bruke praktisk bakgrunn og sine teoretiske kunnskapar i byggeprosjekt
  • kan bygge relasjonar med fagfeller i byggebransjen, med samarbeidande bransjar, og med byggherrar og styresmakter for å utvide eigen kunnskap
  • kan prosjektere og leie utføringa av større og mindre byggeprosjekt etter kundebehov
  • kan planlegge og leie gjennomføringa av vedlikehaldsarbeid i samarbeid med eigarar og bygningsstyresmakter