Bygningssakkyndig for tilstandsanalyser - Førde

Bygningssakkyndig illustrasjonsbildet

Dette studiet er i samarbeid med Norges Eiendomsakademi. Fordjupingsområdet bygningssakkyndig for tilstandsanalyser gjev deg takstmannutdanning. Det første året er felles med fordjuping bygg og gjev ei grunnleggande innføring i bygningsfysikk, teikning, geomatikk og mekanikk. Vidare i studiet får du opplæring i tilstandsanalyser, vedlikehaldsplanlegging, kalkulasjon og fordjuping i bygningsfysikk. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde.

For studieåret 2022-23 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som nettbasert studium.
Søk studieplass på Samordna Opptak. Søknadsfrist 20. april kl. 14.00.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.

Utdanninga passar for/målgruppe

Utdanninga passar for deg som har gått bygglinje på vidaregåande (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor byggfag og som ønsker formell kompetanse/takstmannutdanning. Den passar òg for deg som er bygningsingeniør og ønsker takstmannutdanninga.

Fagskuleingeniørar med fullført og bestått studium som bygningssakkyndig vil kvalifisere til medlemskap og sertifisering i Norsk Takst (NT).

Praktisk informasjon om utdanninga

Dette studiet er to-årig nettbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår nettbasert er slik: Tre nettsamlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag 

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Opptakskrav

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Relevante fagbrev/sveinebrev frå eit av følgjande utdanningsprogram:
• Tømrarfaget
• Byggdriftarfaget
• Betongfaget
• Murarfaget
• Røyrleggarfaget
• Tak- og membrantekkarfaget
• Ventilasjons- og blekkslagarfaget

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

eller

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

Meir informasjon om utdanninga

Studieplan

Studiestad Førde

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om omgrep og teoriar som blir brukte i takst-, bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, energiberekning, kontroll og vurdering av tilstand, skade, areal og teknisk verdi, reklamasjon, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geoteknikk og HMT
  • har god forbrukarvenleg munnleg og skriftleg formidlingsevne om den tekniske tilstanden på bygningsdelar, konsekvens ved avvik og tiltak for utbetring
  • har kunnskap om kalkulasjon for utbetring av skade på bygningsdelar
  • har kunnskap om digitale og analoge verktøy som blir brukte i arbeidet ved prosjektering, kontroll og utføring, teikneprogram, dokumentasjonsprogram, planleggingsverktøy og oppdragsstyring, oppslagsverk (tekniske og juridiske), og landmålingsutstyr, vedlikehaldsplanar og drone
  • har kunnskap om dei ulike prosessane og ansvarsforhold i eit bygge- eller anleggsprosjekt og grensesnitt til andre bransjar som elektro og VVS.
  • har kunnskap om korleis ein ved god planlegging kan effektivisere og sikre god kvalitet i eit prosjekt
  • har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til lover, forskrifter, standardar og regelverk i bransjen
  • har kunnskap om eldre regelverk for oppføring av bygningar.
  • har kunnskap om kva yrket inneber, og kan med denne bakgrunnen leie og følge opp eit prosjekt når det gjeld planlegging, utføring, kontroll, økonomi og HMT
  • har kunnskap om risikokonstruksjonar, ulike bygningsmateriale sine eigenskapar, og kan utføre berekningar og vurderingar av tilstand og levetid på konstruksjonar av tre, stål, mur og betong.
  • har kunnskap om fuktproblematikk i bygningskonstruksjonar og kunnskap om utbetringsmetodar
  • kan oppdatere kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar i bransjen ved å delta på aktuelle kurs, ta i bruk digitale læringsplattformer og å følge med i fagmiljøet og fagtidsskrift
  • har kunnskap om bransjen si historie og tradisjonelle byggemetodar, stilartar, verktøy og materiale som er nødvendige ved arbeid på eller ved verneverdige bygg eller anlegg
  • har innsikt i moglegheiter for fagleg utvikling innan takst-, bygge- og anleggsfaget

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • gjere greie for aktuelle risikokonstruksjonar, val av materiale og metodar for utføring og utbetring etter tidlegare og gjeldande lover, forskrifter og regelverk i bransjen
  • reflektere over eiga fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll av bygningskonstruksjonar, og kan justere eige arbeid under rettleiing
  • reflektere over HMT, kvalitetssikring og eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø.
  • gjere greie for faglege val av materiale og metodar for utføring og utbetring som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • finne og syne til teknisk, juridisk informasjon, normer, standardar og fagstoff, og kan vurdere relevansen for eige arbeid
  • kartlegge ein bygge- eller anleggsplass og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å sette i verk tiltak
  • kalkulere utbetringar av skade på bygningsdelar
  • administrere ein tilstandsanalyse-, bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, teknisk kontroll, personalleiing, kontraktsoppfølging og HMT
  • ulike arbeidsmåtar innanfor kommunikasjon og samhandling.
  • formidle godt skriftlege og faglege tekniske rapportar retta mot vanlege forbrukarar

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • prosjektere og utføre byggeprosjekt og kontrollaktivitet, både som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med gjeldande lover, forskrifter, regelverk og etiske krav i bransjen
  • utveksle synspunkt og samarbeide med andre i bransjen, eller samarbeidande bransjar, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og velfungerande bygg og anlegg.
  • bidra til å utvikle prosedyrar og kvalitetssystem for ei bedrift i bransjen
  • brukast som uavhengig mellomledd, ved å bruke praktisk bakgrunn og teoretiske kunnskapar.
  • bygge relasjonar med kollegaer i bransjen og samarbeidande bransjar, og med byggherrar og styresmakter for å utvide eigen kunnskap
  • prosjektere, kontrollere, analysere og rapportere tilstand og leie utføringa av større og mindre byggeprosjekt i samsvar med behova til kundane
  • planlegge, kontrollere og leie gjennomføringa av vedlikehaldsarbeid i samarbeid med eigarar og bygningsstyresmakter
  • praktisere «21st Century Skills»-kompetansar, det vil seie kompetansar og læring tilpassa det 21. hundreåret