Elekraftlinja på studiestad Førde kom i gang i 1984, m.a. etter påtrykk frå elektrisitetstilsynet, som tok til å mangle kvalifiserte inspektørar. Om lag 25 studentar frå det første kullet har fylt viktige funksjonar i fylket. Fleire av dei starta eigne bedrifter i installasjonsbransjen. Elverka har også fått mange gode "driftsingeniørar" som er uteksaminerte her. Utdanninga i Førde har EKOM med i studieplanen.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 120
Utdanninga passer for/målgruppe
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått elektro-linje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike elektro-fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.
Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot på denne type arbeidskraft.
Organisering av utdanninga
Dette studiet er samlingsbasert over tre år. Studiet gir 120 studiepoeng som svarer til ein toårig heiltidsutdanning.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
Automatiseringsfaget
Avionikarfaget
Dataelektronikarfaget
Elektrikarfaget
Elektroreparatørfaget
Energimontørfaget
Energioperatørfaget
Fjernstyrte undervasssoperasjonar
Flymotormekanikarfaget
Flystrukturmekanikarfaget
Flysystemmekanikarfaget
Heismontørfaget
Kulde- og varmepumpemontørfaget
Maritim elektrikarfaget Vg4
Produksjonselektronikarfaget
Romteknologi
Signalmontørfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget
Togelektrikarfaget
Viklar- og transformatormontørfaget
Viklarfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land:
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.