Hopp til hovedinnhold

Noreg som energinasjon har lange tradisjonar innan produksjon og forbruk av elektrisk kraft basert på vasskraft. Det vil seie at ei utdanning innan elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Alt frå den daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg til utvikling og forsking på dette fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar.

Studiet har ikkje opptak i 2024.

Studiestad: Stord
Utdanningsform:
samlingsbasert
Studiepoeng: 
120

Utdanninga gir gode jobbmoglegheita innan elektroteknisk industri og prosessindustri. Som fagskuleingeniør innan elkraft er ein kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel installasjons bedrifter, energiverk og elektroteknisk rådgjeving. Vidare kvalifiserer utdanninga også for arbeid innan handel og for stillingar som konstruktør, planleggjar, serviceteknikar og faglærar i den vidaregåande skulen.

Praktisk informasjon om utdanninga

Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi et toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studiane. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.

 

Du kan søkje opptak på grunnlag av:

1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

  • Automatiseringsfaget
  • Avionikerfaget
  • Dataelektronikarfaget 
  • Elektrikarfaget
  • Elektroreparatørfaget 
  • Energimontørfaget 
  • Energioperatørfaget
  • Fjernstyrte undervannsoperasjonar 
  • Flymotormekanikarfaget 
  • Flystrukturmekaninkarfaget 
  • Flysystemmekanikarfaget 
  • Heismontørfaget 
  • Kulde- og varmepumpemontørfaget 
  • Låsesmedfaget 
  • Maritim elektrikarfaget (Vg4)
  • Produksjonselektronikarfaget 
  • Romteknologifaget
  • Signalmontørfaget 
  • Tavlemontørfaget 
  • Telekommunikasjonsmontørfaget 
  • Togelektrikarfaget 
  • Ventilasjonsteknikkfaget
  • Viklarfaget 
  • Viklar- og transformatormontørfaget

 

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

3: Utdanning frå eit anna land

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.