Maskinteknikk er ein spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskoleingeniørar. Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk. Etter fullført studium vil ein vere i stand til å kunne planleggje, leie og kontrollere eigne og andre sine arbeidsoppgåver.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: stedbasert fulltid på to år, eller 3 årig nettbasert med samlingar deltid.
Studiepoeng: 120
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. Fagskulen tilbyr eit toårig heiltidsstudium og treårig nettbasert studium i fordjuping maskinteknikk ved studiestad Nordnes.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skoleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
Aluminiumskonstruksjonsfaget
Anleggsmaskinmekanikarfaget
Anleggsrøyrleggjarfaget
Automatiseringsfaget
Bilfaget, lette kjøretøy
Bilfaget, tunge kjøretøy
Billakkerarfaget
Bilskadefaget
Bokbinderfaget
Boreoperatørfaget
Brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
Brønnfaget, havbunnsinstallasjonar
Brønnfaget, kveilerøroperasjonar
Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
Brønnfaget, sementering
Chassispåbyggjarfaget
CNC-maskineringsfaget
Dimensjonskontrollfaget
Finmekanikarfaget
Fjernstyrte undervassoperasjonar
Gjørtlarfaget
Hjulutrustningsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrimekanikarfaget
Industrimontørfaget
Industrioppmålingsfaget
Industrirøyrleggjarfaget
Komposittbåtbyggjarfaget
Kran- og løfteoperasjonsfaget
Landbruksmaskinmekanikarfaget
Låsesmedfaget
Maritim Innredning
Matrosfaget
Motormannfaget
Motormekanikarfaget
Motorsykkelfaget
NDT-kontrollørfaget
Plastmekanikarfaget
Platearbeiderfaget
Polymerkomposittfaget
Produksjonsteknikkfaget
Reservedelsfaget
Røyrleggjarfaget
Smedfaget
Støperifaget
Sveisefaget
Termoplastfaget
Ventilasjons- og blekkslagarfaget
Verktøymakarfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.