Maskinteknikk er ein spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskoleingeniørar. Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk. Etter fullført studium vil ein vere i stand til å kunne planleggje, leie og kontrollere eigne og andre sine arbeidsoppgåver.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Utdanninga passer for/målgruppe
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått mekanisk linje (TIP) på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike mekaniske fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.
Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.
Praktisk informasjon om utdanninga
Dette utdanninga gir 120 studiepoeng. Utdanninga er på deltid over tre år. 120 studiepoeng svarar til eit toårig heiltidsstudium.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
Aluminiumskonstruksjonsfaget
Anleggsmaskinmekanikarfaget
Billakkerarfaget
Bilfaget, lette kjøretøy
Bilskadefaget
Bilfaget, tunge kjøretøy
Chassispåbyggerfaget
CNC-maskineringsfaget
Dimensjonskontrollfaget
Finmekanikarfaget
Gjenvinningsfaget
Grafisk produksjonsteknikk
Hjulutrustningsfaget
Industrimekanikarfaget
Industrimontørfaget
Industrioppmålingsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrirøyrleggjarfaget
Industrisømfaget
Industrisnekkerfaget
Chassispåbyggjarfaget
Kjemiprosessfaget
Kran- og løfteoperasjonsfaget
Laboratoriefaget
Landbruksmaskinmekanikarfaget
Låsesmedfaget
Maritim innredning
Motormekanikarfaget
Modellbyggjarfaget
Motormannfaget
Motorsykkelfaget
NDT-kontrollørfaget
Platearbeiderfaget
Plastmekanikarfaget
Polymerkomposittfaget
Produksjonsteknikkfaget
Reservedelsfaget
Støperifaget
Sveisefaget
Termoplastfaget
Verktøymakarfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader