Prosessteknikk
I store delar av industrien, både landbasert og offshore, er behovet for fagskuleingeniørar med prosessfagleg kompetanse stort.
- Varigheit:
- 3 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studieplan:
- Studiestad:
- Bergen


Skaff deg kompetanse for framtida
Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleingeniør frå kjemi/prosess er i første rekkje innan prosessindustri, kjemi- og næringsmiddelindustri på land og offshore. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor. Fagskuleingeniørar med fordjuping i prosess er kvalifisert for stillingar som førstelinjeleiarar, arbeidsleiarar, drifts assistentar, skiftleiare, tekniske assistentar, vedlikehaldsleiar og inspektør.
Det kan vere ledige studieplassar! Sjå her ->
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. Fagskulen tilbyr eit treårig nettbasert studium i fordjuping prosessteknikk ved studiestad Nordnes.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- boreoperatørfaget
- brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
- brønnfaget, havbunnsinstallasjonar
- brønnfaget, komplettering
- brønnfaget, kveilerøroperasjonar
- brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
- brønnfaget, sementering
- elektrikarfaget
- energioperatørfaget
- gjenvinningsfaget
- grafisk produksjonsteknikk
- industriell matproduksjon
- industriell overflatebehandling
- industriell skotøyproduksjon
- industrimekanikarfaget
- industrimontørfaget
- industrimålarfaget
- industrirøyrleggjarfaget
- industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling
- industritekstilfaget, fiskeredskap
- industritekstilfaget, garnframstilling
- industritekstilfaget, trikotasje
- industritekstilfaget, veving
- kjemiprosessfaget
- kran- og løfteoperasjonsfaget
- laboratoriefaget
- NDT-kontrollørfaget
- platearbeidarfaget
- polymerkomposittfaget
- produksjonsteknikkfaget
- støperifaget
- sveisefaget
- tekstilrensfaget
- termoplastfaget
- trykkerfaget
- vaskerifaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Krav til maskinvare
|
Operativsystem |
Windows 10/11 |
|
Prosessorserie |
Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre |
|
Grafikkort |
- |
|
Minne (RAM) |
8GB eller meir |
|
Lagringsplass (SSD) |
128GB eller meir |
|
Skjerm |
FullHD 13” eller større |
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no