Det er løpande opptak.
Anbod og kontrakter er ei kort utdanning på 5 studiepoeng. Studiet gir innsikt i anbod og kontraktar i bygg- og anleggsbransjen. Du lærer å bruke Norsk Standard, forstå byggeprosessen og entrepriseformer, samt utforme og fylle ut anbodspapir. I tillegg får du kunnskap om kontrahering, byggjebudsjett og relevante forskrifter.
Generell kompetanse
Anbod og kontraktar gir deg innsikt i anbod og kontrahering i offentleg og privat sektor.
Gjennom utdanninga vil du:
- Lære å bruke relevante Norsk Standardar i bygg- og anleggsbransjen
- Få oversikt over byggeprosessen og rollene til dei ulike aktørane
- Få kunnskap om entrepriseformer og korleis ein lagar anbodsgrunnlag
- Øve på å fylle ut anbodspapir etter ulike entrepriseformer
- Forstå kontraheringsprosessen og byggjebudsjett
- Bruke byggteknisk forskrift og Norsk Standard i anbodssamanheng
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er nettbasert og undervisninga skjer gjennom webinar via videokonferanseverktøyet Teams. Studiet består av fem samlingar fordelt på fem veker, med første samling i veke 38. Samlingane er på dagtid.
Arbeidet omfattar både individuelle oppgåver og gruppearbeid, inkludert eit prosjektcase. Gruppene skal levere ein prosjektrapport og halde ein presentasjon for studiegruppa. Presentasjonen blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent.
Det er to obligatoriske skriftlege gruppeinnleveringar som må vere godkjende for å kunne få vurdering i emnet. Vurderingsforma er emnekarakter.
Kostnad
Denne utdanninga er gratis.
Opptak
Det er løpande opptak.
Du kan søke studieplass på grunnlag av fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- Anleggsgartnarfaget
- Anleggsmaskinførarfaget
- Anleggsrørleggarfaget
- Asfaltfaget
- Automatiseringsfaget
- Banemontørfaget
- Betongfaget
- Brønn- og borefaget
- Byggdriftarfaget
- Energimontør
- Feiarfaget
- Fjell- og bergverksfaget
- Forskalingssnekkar
- Fundamenteringsfaget
- Glasfaget
- Industrimålarfaget
- Isolatørfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget
- Limtreproduksjonsfaget
- Murarfaget
- Målarfaget
- Røyrleggjarfaget
- Steinfaget
- Stillasbyggjarfaget
- Tak- og membrantekkjarfaget
- Trelastfaget
- Trevare- og bygginnreiingsfaget
- Tømrarfaget
- Veg- og anleggsfaget
- Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Samlingsplan haust 2025
Økt | Dato | Klokkeslett |
1 | 16. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
2 | 23. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
3 | 30. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
4 | 7. oktober 2025 | 12:00 - 15:00 |
5 | 14. oktober 2025 | 12:00 - 15:00 |
Fagressursar
• Norsk Standard
• Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no