Hopp til hovedinnhold

Energieffektivisering og automasjon i bygg

Studiet Energieffektivisering og automasjon i bygg er ei nettbasert fagskuleutdanning på 40 studiepoeng som går over halvanna år. Målet er å gi fagfolk kompetanse til å redusere energibruk i bygg gjennom forståing av energiflyt, tekniske anlegg og byggautomasjon, utan at det går på kostnad av inneklima og stabil drift.

Varigheit:
1,5 år
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert / Førde
Studiepoeng:
40
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Hausten 2026
Studiestad:
Førde

Bygg står for ein stor del av energibruken i Noreg, og energieffektivisering i eksisterande og nye bygg er eit viktig verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale klimamål.

Strengare forskrifter, aukande energikostnader og behovet for betre kontroll på energibruk gjer at bygg må planleggjast, driftast og følgjast opp på ein meir systematisk og kunnskapsbasert måte enn tidlegare. Samstundes blir tekniske anlegg i bygg stadig meir komplekse, med omfattande bruk av automasjon og sentral driftskontroll.

Kompetanse og jobbmogelegheiter

Studiet gir deg auka forståing for energibruk i bygg og for korleis tekniske anlegg kan driftast, styrast og optimaliserast gjennom automasjon for å redusere energibruken.

Studiet gir deg grunnleggjande kompetanse innan byggautomasjon, med forståing for oppbygging og funksjon av byggautomasjonssystem, og betre føresetnader for å forstå korleis styring og regulering av tekniske anlegg påverkar både energibruk og inneklima.

Du får også kompetanse innan bygningsfysikk og energirådgjeving, med forståing for samanhengen mellom bygget sine eigenskapar, tekniske løysingar og energibruk.

Kompetansen er særleg relevant for byggdriftarar og andre som arbeider med dagleg drift av bygg, og gir eit fagleg påfyll som kan nyttast til meir målretta og kunnskapsbasert drift, oppfølging av energitiltak og samarbeid med rådgivarar og tekniske leverandørar.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga er på 40 studiepoeng, noko som svarer til 3/4 år på fulltid. Studiet går over eitt og eit halvt år på deltid, og er nettbasert med digitale samlingar. Det er ni samlingar første studieåret og tre det andre året, kvar samling går over to til tre dagar. Undervisninga er på dagtid.

Undervisninga varierer mellom førelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid, rettleiing og individuelle arbeidsoppgåver. Vurdering skjer gjennom obligatoriske læringsaktivitetar og mappevurdering i dei ulike emna.

Studiet er bygd opp av fleire emne fordelte over to studieår. Det første året gir ei innføring i bygningsfysikk med energirådgjeving, energibruk i bygg samt elektro og automatisering. Det andre året byggjer vidare på denne kompetansen gjennom emne innan tilstandskartlegging og vedlikehaldsplanlegging av bygg, samt byggautomasjon og integrasjon.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. Sjå liste over fagbrev.


Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Les meir om realkompetanse

 

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no