Min arbeidsplass
På studiet Min arbeidsplass lærer du endrings- og sjølvleiing, prosjektleiing og prosjektplanlegging, HMT, marknadsføring og kundebehandling. Med denne kunnskapen kan du vere med å skape handlekraft og berekraft til din arbeidsplass.
- Varigheit:
- 4 månadar
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Neste oppstart:
- Ikkje planlagt
- Studiestad:
- Førde
Bli betre kjend med din eigen arbeidsplass
Denne utdanninga passar for deg som vil utvikle deg som fagarbeidar og energiforvaltar. Du vil bli betre kjend med ulike fagfelt på din eigen arbeidsplass, og såleis kunne vere med å påvirke, utvikle og skape noko nytt i organisasjonen din.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Min arbeidsplass er ei fagskuleutdanning i Industrifagskulen på 10 studiepoeng. Studiet er delt inn i fire emne, kvart på 2,5 studiepoeng:
- Endrings- og sjølvleiing
-
- Endringsleiing
- Sjølvleiing
- Kommunikasjon
- Motivasjon
- Prosjektleiing og prosjektplanlegging
- Prosjektplanlegging
- Metodar for gjennomføring av prosjekt
- Framdriftsplanlegging
- Prosjektgjennomføring
- Samhandling
- Kostnads- og ressursplanlegging
- Oppfølging
- Prosjektplanlegging
- Helse, miljø og tryggleik (HMT)
- Berekraft
- Energiressursar
- Ytre miljø
- Helse- og arbeidsmiljø
- HMT-integrasjon
- Risikovurdering
- Marknadsføring og kundehandsaming
- Konkurransemiddel - dei fem p-ane
- Marknadsplanlegging
- Kundehandsaming og sørvis
Kvart av emna har 8 timar undervisning, 10 timar rettleiing og 46 timar sjølvstudium. Gjennomføringa vil vere ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning.
Studentarbeidet vil i hovudsak bli bygd opp omkring to hovudaktivitetar: Læringsnotat frå undervisningsøktene og eit case som dekker heile studiet.
Mål for utdanninga
Leiing, utvikling, samspel og tryggleik
Som student skal du:
- utvikle og bevisstgjere deg som fagarbeidar og energiforvaltar
- skape grunnlag for felles omgrepsforståing og kommunikasjon omkring energi og miljø
- skape haldningar kring miljø og skape ein miljøprofil
- utvikle eiga bedrift til ein lærande organisasjon
- bli betre på personleg sjølvutvikling og evne til å ta eigne initiativ
Dette studiet blir ofte køyrt i samarbeid med ei eller fleire bedrifter. Sentralt i studiet er tema som er viktige for at alle i bedrifta skal vere framtidsretta og ein del av utviklinga mot det grøne skiftet.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- anleggsmaskinførarfaget
- asfaltfaget
- banemontørfaget
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- feiarfaget
- fjell- og bergverksfaget
- forskalingssnekkarfaget
- glasfaget
- industrimålarfaget
- isolatørfaget
- limtreproduksjonsfaget
- målarfaget
- murarfaget
- røyrleggarfaget
- steinfaget
- stillasbyggarfaget
- tak- og membrantekkarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- veg- og anleggsfaget
- ventilasjons- og blekkarslagarfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse. Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Vurderingsform og vitnemål
Vurderingsformene har samanheng med læringsutbyte, innhald, undervisnings- og arbeidsformene i utdanninga. Det er den heilskaplege kompetansen som vert lagt til grunn når studentane sin kompetanse skal vurderast.
Arbeidskrav i studiet er å levere læringsnotat etter kva undervisningsøkt. I dette studiet vil det bli ei heilheitsvurdering av fire læringsnotat og eit hovudcase for studiet. Karakterane er bestått og ikkje bestått.
Studentane som fullfører og består utdanninga får eit vitnemål som dokumentasjon. På vitnemålet står utdanninga, eventuell fordjupning og tittel på case. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga.
Ved ikkje bestått vil studenten få skrive ut eit kompetansebevis som dokumentasjon på kva einskildemne som er gjennomgått.