Hopp til hovedinnhold

Ombrukskartlegging med tilstandsanalyse

Her får du praktisk og teoretisk innsikt i korleis du kan fremje berekraft gjennom systematisk ombruk og avfallsførebygging i bygg- og anleggsprosjekt.

Varigheit:
2 månadar
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
15. april
Studiestad:
Førde

Korleis optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning i byggebransjen? Dette emnet er utvikla i samarbeid med næringslivet og gir deg praktisk kompetanse på ombrukskartlegging med tilstandsanalyse.

I tillegg til Fagskulen Vestland sine lærarar, får du møte folk frå Xform, Mycoteam og HVL som deler sine erfaringar.

 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Emnet er på 5 studiepoeng, og går over 2 månader. Kurset er nettbasert med tre digitale samlingar.

Undervegs skal du levere éi skriftleg oppgåve før avsluttande mappevurdering.

Vurdering

Vurderingsmappe som består av:

  • Individuell skriftleg innlevering
    Individuell videopresentasjon
  •  

Vurdering bestått/ikkje bestått 

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Samlingsplan vår 2026

Samlingane skjer på nett. Kvar samling går over to dagar og varer frå 08:15 til 15:30 kvar dag.

  • Samling 1: 15. og 16. april.
  • Samling 2: 06. og 07. mai. 
  • Samling 3: Datoar kjem

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no